NRK Meny
Normal

Årsbeste frå Sogndal i vestlandsderby

Sogndal kunne ha leia 5-0 etter den fyrste omgangen mot Brann på Fosshaugane. Men ein akrobatisk brannkeeper ville det annleis.

Otoo

DROG TIL: Mahatma Otoo sparte ikkje på kruttet då han sette inn det første målet.

Foto: Christian Blom / NRK

Azar Karadas starta som spiss for Sogndal mot gamleklubben Brann på Fosshaugane Campus i kveld, og slo an tonen allereie etter eit minutt då han vann ein hovudduell og stussa ballen farleg til spissmakker Mahatma Otoo.

Det var nemleg eit aggressivt og friskt Sogndal som la trykk på bergensarane frå start.

Laster innhold, vennligst vent..

Brasse-magi

Fleire store sjansar – mellom anna frå midtbaneeleganten Petter Strand – skaka brannkeeper Øystein Øvretveit, og i det 6. minuttet makta han ikkje lenger å stå i mot. Ein corner frå Strand datt til slutt ned på straffemerket.

Der stod toppskårar Otoo klar og brassesparka ballen akrobatisk i brannmålet. 1-0 til Sogndal.

Sogndal-kanonade

Etter skåringa heldt Sogndal fram med å pressa, og etter 11 minuttar er det igjen redning på brannstreken. Bjørn Helge Utvik headar hardt frå sju meter, men Øvretveit gjer eit tigersprang og reddar ballen saman med ein Brann-forsvarar, som står på kvitstripa.

Eit par minuttar seinare viste Øvretveit fram endå meir spektakulære krumspring då han gjorde ei dobbelredning og hindra på mirakuløst vis at Sogndal fekk sitt andre mål.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal-Brann

JUBLA: Mahatma Otoo starta målkalaset etter seks minutt.

Foto: Christian Blom / NRK

Gild fyrste halvtime

Den fyrste halvtimen var noko av det beste Fosshaugane-publikumet hadde sett frå Sogndal. Det kunne fort ha stått 4-0.

I det 23. minuttet held Øvretveit fram med å halda laget sitt inne i kampen. Karadas kjem gjennom brannforsvaret og sentrar ballen kjenslevart inn til Otoo som på uforståeleg vis ikkje makta å setja ballen forbi brannkeeperen.

Svakt Brann-lag

Fyrst etter ein halvtime viser Brann seg fram når dei bryt eit sogndalåtak og kjem på ein god kontring. Men utsøkt midtstopparspel frå Hannu Patronen utmanøvrerer Erik Huseklepp.

Bergensarane maktar derimot ikkje å festa noko grep, og den fyrste omgangen såg ut til å ebba ut på stillinga 1-0 då vårens store hit på Fosshaugane, Petter Strand, brått dreg seg fri på hjørnet av 16-meteren til Brann, klinkar til, og sender ballen rett i krysset. 2-0 til Sogndal og trampeklapp frå øsne sogndalssupporterar.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.