Hopp til innhold

Sogndal kommune går mot straumen - opnar lommeboka

Medan andre kommunar svingar sparekniven går Sogndal kommune mot straumen. Kommunen har vedteke tidenes mest ambisiøse budsjett.

Sogndal kommunehus

MOT STRAUMEN: Sogndal kommune skal dei neste fire år investere for over ein halv milliard kroner.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg held meg litt fast i stolen når dette budsjettet skal vedtakast. Vi brukar langt meir til investeringar i den kommande perioden enn vi har gjort nokon gong før. Og vi har eit høgare nivå på drifta enn vi har hatt tidlegare. Det seier rådmann Jostein Aanestad berre minuttar før vedtaket er eit faktum.

Samrøystes vedtok politikarane torsdag eit budsjett der ein dei kommande fire åra skal investere for ein halv milliard kroner. Det skjer samstundes som fleire kommunar i fylket må bruke sparekniven for å få budsjetta til å gå opp.

Nytt omsorgssenter og ny barnehage

Eit nytt helse – og omsorgssenter til 300 millionar og ein barnehage til 50 millionar kroner, er dei to prosjekta som gjer det største innhogget i budsjettet. Politikarane, med ordførar Jarle Aarvoll i spissen, er samde om at dette er heilt naudsynte investeringar.

– Vi har vore politisk samde om at det er desse to store investeringane vi må gjere. Det er det som er nødvendig for å samle helse- og omsorgstenestene. Og å bygge ein ny barnehage så er det som naudsynt.

Også opposisjonspartia støttar opp om investeringane i budsjettet, sjølv om det er noko usemje om kvar enkelte av midlane skal hentast. Rita Navarsete i Frp let seg spesielt provosere av at eigedomsskatten no vert dobla.

– Vi støttar eigentleg mykje av budsjettet. Men vi må sette tæring etter næring, og vi ser at det er ting vi vil gjere på ein annan måte. Det gjeld mellom anna eigedomsskatt. Det er vi sterkt imot og kan ikkje vere med på det.

Fleire utfordringar å ta tak i

Karin Vikane i Høgre, er også motstandar av at nivået på eigedomsskatten blir auka, men seier kommunen i tida som kjem vil møte utfordringar som gjer dei nøydde til å ta investeringane no.

– Vi får stadig fleire eldre som treng sjukeheimsplassar, vi er nøydde til å gjere noko i forhold til dei. Dessutan har vi sprengt kapasitet på legesenteret. Vi må gje dei betre vilkår.

Men investeringane vil få konsekvensar for økonomien. For Sogndal sin del kjem bakrusen etter investeringsfesten i form av ei gjeld som aukar urovekkande.

– I løpet av økonomiplanperioden så kjem vi til å få ei så høg gjeld som svarar til alle inntektene våre i løpet av eit heilt år, seier rådmann Jostein Aanestad.

Svært høg lånegjeld

Det gylne talet seier at lånegjelda bør utgjere halvparten av inntektene i løpet av eit år. 60-75% blir også sett på som forsvarleg. Men når talet no bikkar hundre prosent lyser varsellampene, seier Aanestad.

– Vi aukar risikoen vår i forhold til ei eventuell renteauke. Men det er også slik at budsjettplanen og økonomien er balansert med dei økonomiske investeringane. Så vi har økonomi til å tole dei.

Fleire investeringar i framtida

Spørsmålet er om kommunen må knipe att pengesekken når den fire år lange investeringsfesten tek slutt.

Laura Kvamme i Senterpartiet seier at pengebruken nok må reduserast, men har ikkje tru på at økonomien til kommunen blir sett heilt på sparebluss.

– Vi kan ikkje investere for ein halv milliard kroner i kvar einaste økonomiplanperiode. Men eg trur vi kjem til å sjå nye utfordringar som vi må løyse i Sogndal kommune. Så at vi står overfor investeringar er nok ikkje siste gong.