Hopp til innhold

Sogndal knuste Løv-Ham i generalprøva

Nyopprykka Sogndal slo bergensarane 2-0 i sin siste treningskamp før Tippeligaen-sesongen startar.

Espen Olsen, Gustav Valsvik og Håvard Flo

VANN: Sogndal vann generalprøva mot Løv-Ham.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var Espen Olsen og Ole Jørgen Halvorsen som sikra sogndølene sigeren i den viktige generalprøva mot Løv-Ham på Varden Amfi i dag, laurdag.

På Sogndal Fotball sine nettsider skriv dei at sesongoppkøyringa har vore bra, spelarane har fått trent godt og ivrar etter å komme skikkeleg i gang.

Har slite med skadar

Laget har slite med litt skadar, noko som har gjort at laget ikkjer har fått den samkøyringa som dei hadde ønskt. Kampen i dag starta med nok ein skade; Henrik Furebotn måtte ut med skade allereie etter eitt minutt.

Det vart ikkje putta eit einaste mål i første omgang. Trenar Harald Aabrekk bytte ut Even Hovland med skadeplaga Espen Næss Lund i andre omgang.

To minutt ut i andre omgang scora Espen Olsen. Etter 60 minutt putta Ole Jørgen Halvorsen 2-0-målet.

Seriestart til helga

Neste helg startar det for alvor. Då skal Sogndal møte Strømsgodset i Drammen i sesongstarten i Tippeligaen.

Tysdag vann Sogndal 3-0 over Sandefjord. Løv-Ham har tapt alle treningskapmane; 2-0 mot Sogndal, 5-0 mot Haugesund, 2-0 mot Brann og 2-0 mot Haugesund.