Arkivfoto
Jarle Kalland har ein tredjeplass frå første norgescuprunden på Lillehammer som beste plassering, og er altså på femteplass totalt i norgescupen. Klubbkameraten Lars Ole Gudevang er fjerde beste klatrar, eitt poeng framom Kalland, og rivaliseringa mellom dei to treningskameratane er inspirerande, meiner Kalland
Til Stedje-musikk
Og klatringa føregår med sjølvvald musikk, og kva er vel meir naturleg for ein sogndalsklatrar enn å ta seg opp veggen til tonane av Olav Stedje?
Til Skottland
Lars Ove Gudevang og Jarle Kalland har fått ein sentral posisjon i norsk klatremiljø, og i slutten av februar tek sogndalsklatrarane turen til Skottland.