Hopp til innhold

Debutanten sikra eitt poeng

Heimesterke Strømsgodset tok tidleg leiinga Sogndal. Men nysignerte Tom Söderberg sikra uavgjort med si første scoring i sin første kamp for Sogndal.

Tom Söderberg

SÖDERBERGS FØRSTE: Tom Söderberg blir omfamna av Tim Nilsen (bak) etter å ha scora sitt første mål i Sogndal-drakt.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Strømsgodset - Sogndal 1-1 (1-0):

– Tom gjer ein veldig god jobb og dette er sjølvsagt ein fantastisk start for han. Det var den første kampen han spelte på to månader, eg kjenner meg trygg på at han blir endå betre framover, seier Sogndal sin assistenttrenar Tom Mangersnes.

Tidleg Godset-scoring

Fjorårets seriemeister hadde vunne 53 oppgjer på rad på eige gras, då dei gjekk på tap mot Vålerenga førre heimekamp. Eit revansjesugent heimelag gjekk høgt ut mot Sogndal laurdag ettermiddag. Alt etter 11 kom utteljinga.

Lars-Christopher Vilsvik slo ein god ball gjennom til Marvin Ogunjimi som sklei den mellom beina på Sogndal-målvakt Mathias Dyngeland.

Men sogndølane gjekk ikkje opp i liminga. I staden la dei seg kompakt og lågt.

Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes

ROSAR LAGINNSATSEN: Tom Mangersnes, assistenttrenar i Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug

– Vi blir lave og Godset har mykje ball. Men det er betre enn å vere kollektivt lave, enn å drøyme om å presse høgt, for så sleppe motstandaren gjennom. Det var det som skjedde då Godset scora, seier Mangersnes.

Det vart med det eine målet til vertane, og laga gjekk til pause på stillinga 1–0.

Söderberg på volley

84 minutt var spelt når Sogndal-keeperen slo eit langt frispark frå eigen banehalvdel heilt inn mot Strømsgodset sin 16-meter. Der heada Babacar Sarr vidare til nysignerte Söderberg som frå straffemerket, på heil volley, dundra ballen i mål bak Adam Larsen Kwarasey.

– Dette var ein enormt sterk prestasjon av laget. Vi kunne fort ha fått ein knekk når vi fekk eit mål så tidleg mot oss, erkjenner Mangersnes i Sogndal.

At Sogndal sin nye svenske målscorar ragar nesten to meter inne i feltet, er heller ikkje noko bakdel, meiner Jonas Olsson sin assistent.

– 199 cm gjer oss sterke på dødballar. Vi burde eigentleg hatt endå betre utteljing, seier Mangersnes som er nøgd med at laget kan setje seg på bussen med poeng etter møte med Strømsgodset som ligg på andreplass i serien.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Strømsgodset - Sogndal

MYKJE GODSET: Strømsgodsets hadde ballspelet, mens Sogndal la seg lågt på Marienlyst Stadion. Her er Gustav Mendonca Wikheimi duell med og Sogndals Bjørn Inge Utvik.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Framleis kamp mot nedrykk

Sogndølene sjølv ligg framleis på 10. plass etter 18 spelte kampar.

– Det er viktig å få kjensla av å ta poeng. Men vi veit at vi treng 33–34 poeng for å sikre plassen. No har vi 20. Eitt poeng er bonus mot eit slikt lag, men vi treng trepoengarar. Vi kan ikkje sleppe opp.

Neste helg ventar Bodø/Glimt heime på Fosshaugane. Mens Strømsgodset baud på internasjonal spelestil med mykje balltrilling, ventar Mangersnes eit heilt anna kampbilete mot nordlendingane.

– Det blir ein heilt motsett kamp. Då møter vi kanskje Norges beste kontringslag på ein god dag.

Laster innhold, vennligst vent..