NRK Meny
Normal

Sogndal klarte uavgjort

Sogndal ligg no på fjerdeplass i førstedivisjon, med like mange poeng som Bodø/Glimt.

Sogndal låg under 2-0 før spelarane skjerpa seg og klarte å innhente leiinga. Trenar Stig Nord meiner nivået på spelet heva seg i andre omgang for Sogndal sin del.

Håvard Flo og Joel Cedergren skåra måla for Sogndal.

Uavgjort søndag gjer at Sogndal framleis heng med i toppen av førstedivisjon. Laget ligg no sju poeng bak Ålesund som leiar, og fire poeng bak Strømsgodset. Bodø/Glimt har 25 poeng, like mange som Sogndal.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast