NRK Meny
Normal

Sogndal klare for kamp - møter Stabæk på bortebane

I kveld brakar det laust i eliteserien. Sogndal møter Stabæk på bortebane. Fotballekspertane har spådd at nyopprykka Stabæk er sjanselause på å overleve i eliteserien.

Sogndal Fotball kjem til Nadderud stadion for serieopning mot Stabæk.

PÅ PLASS: Sogndal-spelarane kjem til Nadderud stadion. (FOTO: Oddleif Løset/NRK)

NRKs ekspertkommentator Tom Nordlie har saman med NRKs fotballkommentator Arne Scheie, spådd at Sogndal må kjempe for å unngå nedrykk i år og. Dei trur laget hamnar på ein 14. plass på tabellen.

Azar Karadas

KAPTEIN: Azar Karadas blir kaptein når Sogndal sparkar i gang sesongen 2014.

Foto: Christian Blom

Sogndaltrenar Jonas Olsson trur Sogndal vil meir enn berge seg på tabellen.

Vi er på veg framover, vi har gjort det betre og betre, vi har hatt ei god oppkøyring med gode resultat mot andre tippeligalag, seier han.

Følg: Stabæk–Sogndal frå kl. 18

Like før klokka 17 var laget klart. Trenar Olsson har plukka ut fem debutantar til dagens oppgjer mot Stabæk; Keeper Mathias Dyngeland, Hjortur Valgardsson, Helge Haugen, Petter Strand og Tim Nilsen.

LAGET (3-5-2): Mathias Dyngeland, Hannu Patronen, Azar Karadas (K), Gustav Valsvik, Taijo Teniste, Hjortur Logi Valgardsson, Helge Haugen, Petter Strand, Ruben Holsæter, Ulrik Flo, Tim Nilsen.

BENKEN: Erik Dahlin, Bjørn Inge Utvik, Rune Bolseth, Ørjan Hopen, Mahatma Otoo, Kristian Opseth, Eirik Skaasheim.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy