Hopp til innhold

Sogndal klar for viktig bortekamp

Vinn Sogndal kampen mot Hønefoss i kveld, er laget sikra vidare spel i eliteserien.

Ruben Holsæter mot Hønefoss

TRUR PÅ TRE POENG: Sogndal må gi alt for å sikre seg viktige poeng i dag. Her frå kampen mot Hønefoss på Fosshaugane i sommar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I løpet av denne søndag kan mykje bli avgjort i årets eliteserie. Hønefoss ligg på sisteplass med 26 poeng. Sogndal ligg på 11. plass med 33.

Assistenttrenar Tom Mangersnes er optimist føre kampen og har god tru på at dei klarer å ta poeng mot Hønefoss.

– Vi har ein god kampplan og trur dette skal gå vegen, seier han.

Sist søndag vann Sogndal 2–1 over Sandnes Ulf på Fosshaugane. Mangersnes seier dette gav spelarane ein energiboost han trur dei har med seg til kampen i dag.

– Vi skal vere gode og vi skal vinne denne kampen.

Sogndal-kaptein Rune Bolseth fekk ein kneskade i kampen mot Sandnes Ulf førre søndag. Han er med til Hønefoss, men skal ikkje spele i dag.

– Han testa kneet på trening i går, men kampen kjem for tidleg på og han står over, seier Mangersnes.

Heller ikkje Hannu Patronen er klar igjen. Han har vore ute dei siste kampane på grunn av skade.