Hopp til innhold

Sogndal kjempar for sin åttande kamp utan tap

Alt ligg til rette for ein spanande kamp mellom Sogndal og Molde, då sogningane står med sju strake kampar utan tap. Kampen kan du følge kl.20 i vår nettradio.

Direkte fra kampen Sogndal - Molde

HER KAN DU HØYRE KAMPEN: Kampen mellom Sogndal og Molde kan du følge i vår nettradio med kommentatorane Jon Navarsete og Kjell Arvid Stølen.

– Eg trur det blir ein tett og spanande kamp mellom Sogndal og Molde, seier Kjell Arvid Stølen.

Saman med Jon Navarsete skal Kjell Arvid Stølen kommentere kampen mellom Sogndal og Molde kl.20 i kveld. Om du ikkje får tatt turen til Fosshaugane, så fortvil ikkje. Kampen kan du høyre på vår nettradio med kommentatorane Stølen og Navarsete bak mikrofonen.

Etter sju strake kampar utan tap er spenninga stor for om Sogndal vil fortsette i same takt.

– Hadde du spurt meg for nokre månader sidan, så ville eg svart Molde, men no ser det ut til at Sogndal nekter å tape, fortel Stølen.

Med sju strake utan tap

Forrige kamp mot Stabæk enda 1-0 til bortelaget Sogndal. Når Sogndal tek i mot Molde på Fosshaugane kan dei vente seg ein heilt anna motstand, meiner Jon Navarsete.

– Det blir mykje tøffare mot Molde enn kva det var mot Stabæk. Sogndal vil rett og slett ikkje få sleppe til med så mange sjansar mot romsdalingane.

Kommentatorar

FØLG KAMPEN SPARK FOR SPARK: Jon Navarsete (t.v.) og Kjell Arvid Stølen kommenterer kampen mellom Sogndal og Molde.

Foto: NRK

Kampen mot Stabæk var ein jamnspelt utan at nokon av laga imponerte stort på Nadderud. Molde tapte sin kamp mot Viking.

– Vi har hatt taket på Molde eit par gonger før, så det blir interessant. Molde er sikkert passeleg revansjesugne. Her må vi møte dei med tøff motstand og hard innsats, seier Navarsete.

Trur du det blir Molde som bryt rekka til Sogndal utan tap?

– I Tippeligaen er kvar einaste kamp tøff. Molde er eit av dei store laga i Noreg, så her må Sogndal ha beina på bakken. Likevel så har sogndølingane vist seg som ein svolten gjeng. Det er all grunn til å forvente ein skikkelig bra fotballkamp med trøkk, meiner Navarsete.

Laster innhold, vennligst vent..

Må score mål

Under kampen mot Stabæk sleit Sogndal med å finne nettkjenninga og sløste vekk sjanse etter sjanse.

– Sogndal må score mål mot Molde, for mot Stabæk sleit dei med brente sjansar, seier Jon Navarsete.

Navarsete er likevel sterk i trua på at Sogndal kan gå mot sin åttande kamp utan tap på heimebane.

– Med tanke på organisering av laget og den fysiske delen, så er Sogndal er eit av dei best trente laga i Tippeligaen. Molde skal få jobbe hardt for å få med seg tre poeng.

Kampen startar ikkje før klokka 20 på kvelden, men Navarsete håper likevel på fullsett tribune.

– Vi er ikkje vande med å spele så seint, men eit publikum i ryggen er likevel viktig. Sjølv om publikum i Sogndal ikkje er kjende for å gå av hengslane, så vil ein siger mot Molde få folk på tribuna til å vakne.

Følg kampen mellom Sogndal og Molde lenger oppe i saka.

Laster innhold, vennligst vent..