Trenar Trond Fylling tok ut Håvard Flo og Ole Hjelmhaug i pausen, og sette inn Alexander Breidvik og Kim Rune Hellesund. Desse to var med på å heve laget til ein aldri så liten snuoperasjon.
Kim Rune Hellesund skåra viktig mål. Arkivfoto NRK
Hellesund skåra
Kim Rune Hellesund var mannen som sette inn 2-1-målet etter ti minutt av andre omgang, og midtstoppar Terje Flugheim gav balanse i rekneskapen.
Snytt for straffe?
Og det kunne fort ha blitt tre poeng. For sju minutt før slutt vart Hellesund felt, men dommaren vinka spelet vidare. På den andre sida hadde Moss ein liknande situasjon i første omgang.
- På rett veg
Men uansett så meiner Trond Fylling at andreomgangen viser at Sogndal no er på veg mot betre takter. Han håpar at Anders Stadheim er klar igjen til heimekampen mot Strømsgodset. Då er og Børre Steenslid med att, etter at han denne helga var avgitt til U21-landslaget.