Hopp til innhold

Sogndal-kapteinen har bestemt seg

Rune Bolseth har i dag takka nei til å halde fram i Sogndal-trøya.

Rune Bolseth

Rune Bolseth går kommande sesong frå 1. divisjonsspel i Sogndal til eliteserieklubben Hønefoss.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Med det er det slutt på ein ti år lang epoke med glopparen sentralt på midtbana til Sogndal. 29-åringen gav i dag sportsleg leiar Trond Fylling om at han vil spele for Hønefoss.

- Det er beklagleg at han ikkje ynskjer å vere med oss vidare, men samstundes har eg stor forståing for at han ynskjer å spele i Tippeligaen, seier Fylling.

Stor forståing

Bolseth kom til Sogndal frå Sandane i 1999. Sidan den tid er det blitt 38 mål på 291 obligatoriske kampar for midtbaneslitaren som etter årets sesong stod utan kontrakt med 1. divisjonsklubben .

- Vi hadde håpa han skulle ta sjansen med oss, men eg har sjølv vore i same situasjon. No får han ein sjanse til å spele i Tippeligaen att, og det er ikkje sikkert han ville fått med oss, seier Fylling.

- Blir eit sakn

Sandensaren takka i sommar nei til ei eittårskontrakt, med dårlegare lønn enn tidlegare med Sogndal. Sidan har han vore i søkjelyset til Odd Grenland, samt nyopprykka Hønefoss og Kongsvinger. Bolseth har signert ei toårskontrakt med Hønefoss.

- Som person i spelargruppa og som kaptein for Sogndal, blir det eit sakn, vedgår Fylling.

Jakta erstattar

Sogndal har ikkje sett seg råd til å tilby 29-åringen ei betre kontrakt enn dei gjorde og har sidan Bolseth takka nei til kontrakten i sommar vore budd på at kapteinen ville reise.

- Vi har jakta erstattar og har Eivind Daniel Røed, Mohammed "Simbo" Cisse, ein skadefri Elvis og Harald Stormoen som alle kjempar om same posisjon, seier Fyllling og trur at nye spelarar vil ta steget opp og fylle tomrommet etter Bolseth.