NRK Meny
Normal

Sogndal kan sikre divisjonssigeren og opprykk for Brann

Sjølv om opprykket er sikra, har Sogndal framleis mykje å spele for når dei i kveld møter Kristiansund på Fosshaugane.

Trenarteamet med Eirik Bakke, Marius Bøe og Helge Haugen

GÅR FOR GULL: Eirik Bakke sørga for opprykk i debutsesongen som trenar for Sogndal. Her saman med toppspelarutviklar Marius Bøe og fysisk trenar Helge Haugen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

For Sogndal ligg det 800 000 kroner i potten dersom det skulle bli tre poeng i kveld. Då vil dei ha seks poeng til gode på Brann med to kampar att å spele. Med minimum seksten plussmål til gode betyr det at sigeren i divisjonen i praksis er sikra med full pott.

Samstundes vil siger til Sogndal bety at Brann har sikra andreplassen. Trenar Eirik Bakke lovar å sende ein svolten gjeng på bana.

– Vi har ein fotballkamp å vinne. Det som skjedde søndag gir oss energi, men vi veit aldri korleis utfallet blir. Kristiansund kjem for å ta poeng, så det blir ein tøff kamp, seier Bakke.

Desse startar kampen for Sogndal: Mathias Dyngeland - Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Taijo Teniste - Lars Christian Kjemhus, Petter Strand, Babacar Sarr, Thomas Drage - Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth.

Motstandarlaget Kristiansund var det store formlaget i divisjonen. Men med to tap på rappen er håpet om direkte opprykk i ferd med å svinne. Blir det tap i kveld er alt håp ute. Brann vil då ha sju poeng til gode når to rundar står att.

Faktisk vil tap bety at Kristiansund tvert om må kjempe om å greie kvalifisering. Då vil dei berre ha tre poeng til gode på Jerv på sjuandeplass, den første plassen som ikkje gir sjansen til å kjempe om opprykk.

Førre gong Sogndal rykte ned til førstedivisjon i 2004 tok det seks sesongar å kome tilbake til eliten. Med Eirik Bakke i førarsetet var det nok med eitt forsøk.

Opprykket vart sikra på bortebane, men i kveld har dei sjansen til å feire ein serietittel på Fosshaugane. Så spørst det berre om festrusen frå helga har lagt seg og spelarane er klare til kamp.

Laster innhold, vennligst vent..