– Uverkeleg å vinne i Skandinavia

Sogndal-juniorane er vel heime att etter nok ein meisterskapstittel. No ventar enno meir hardt arbeid for å hevde seg i Europacupen.

Mathias Sundberg og Kristian Rutlin

HEIME: Mathias Sundberg og Kristian Rutlin er tilbake etter å ha henta heim sigeren i skandinavisk meisterskap i helga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ei dryg veke etter at Sogndal-juniorane vart noregsmeistrar, tok dei sigeren i den skandinaviske meisterskapen. Det var første gong eit norsk lag vann turneringa, og for spelarane har det enno ikkje gått heilt opp.

– Det er framleis uverkeleg. Eg trur ikkje det har sokke heilt inn, for dette er noko vi ikkje ein gong kunne drøyme om. Det er veldig herleg, seier keeper og kaptein Kristian Rutlin.

Dei gode resultata har bringa laget vidare ut i verda, til hausten ventar Europacup.

– Det blir heilt utruleg å få lov til å møte så gode lag, men eg trur vi vil stå godt i det. At vi vinn både NM og skandinavisk meisterskap betyr at vi gjer ein god jobb, og eg synest fasilitetane i Sogndal legg opp til at vi kan utvikle oss godt vidare, seier Mathias Sundberg.

Mathias Sundberg og Kristian Rutlin

UVERKELEG: For Mathias Sundberg og Kristian Rutlin har det vore stort å ta inn over seg kva dei har vore med på.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ein stor bragd

Det er ein uvanleg bragd for Sogndal Fotball desse gutane har gjort. Aldri har eit juniorlag klart å kome seg så langt.

– Vi er kjempestolte av gutane, det er ein fantastisk prestasjon. Dette gir inspirasjon og merksemd for alle som driv med fotball i fylket, seier Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i NFF Sogn og Fjordane.

Jåstad trur klubben har gjort mykje rett for å skape ein god treningskultur dei siste åra.

– Denne gjengen har spelt og trent masse fotball frå tidleg alder, og dei har hatt dyktige trenarar rundt seg. Det er ein sum av mange gode faktorar som ligg til grunn.

Kan ikkje kvile no

Men om spelarane skal ta steget vidare inn i a-lagsfotballen, er det ingen som har tid til å kvile.

– Det er noko så usexy som hardt arbeid og tolmod over tid som skal til. Dei som fortener ein sjanse, vil få sjansen, men dei må fortsetje i same gate som dei har gjort no, seier Jåstad.

For sjølv om dei siste prestasjonane gir positiv merksemd, er det ingen som står og viftar med proffkontraktar til heile laget.

– Ein kan ikkje kvile seg til ei proffkontrakt. men det handlar også om timing og flaks. No er det opp til trenarane og klubben å inspirere og stake ut ei retning for spelarane.