Sogndal jubla hemningslaust etter omdiskutert overtidsmål

SOGNDAL (NRK): Ull/Kisa følte seg snytt etter det knipne 1-0-tapet mot Sogndal i kvalifiseringskampen til Eliteserien.

Første runde i kvalifisering til eliteserien, Sogndal - Ullensaker/Kisa.

EUFORI: Sogndalspelarane jubla hemningslaust då Sigurd Haugen (nr. 18) sette inn kampens einaste mål på overtid.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Sogndal-scoringa er soleklar offside, seier Ull/Kisa-trenar Vegard Skogheim.

– Eg hadde ikkje behøvd å stå i offside for å springa frå Sundli (midtstopparen til Ull/Kisa, red.anm.), kontrar målscorar Sigurd Haugen.

– Blir ikkje verre enn dette

Første runde i kvalifisering til eliteserien, Sogndal - Ullensaker/Kisa.

MÅLSCORAR: Sogndal-spelar Sigurd Haugen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Det såg ut til å gå mot ekstraomgangar på Fosshaugane Campus i kvalifiseringskampen mellom Sogndal og Ull/Kisa. Gjestene var det førande laget i store delar av kampen, men sleit med å koma til målsjansar i andre omgang. Sogndal på si side kom til fleire sjansar, men sette anten ballen utanfor eller midt på keeper.

Men på overtid dukka Sigurd Haugen opp. Toppscoraren til Sogndal kom åleine med keeper, og då gjorde han ingen feil.

Første runde i kvalifisering til eliteserien, Sogndal - Ullensaker/Kisa.

SKUFFA: Ull/Kisa-trenar Vegard Skogheim.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Når me taper på den verst tenkelege måten på overtid, og truleg var det offside ... Då kan det ikkje bli verre, seier Skogheim.

Dermed er det Sogndal som dreg til Aalesund torsdag for å spela om retten til å spela den doble kvalifiseringskampen mot Stabæk om eliteseriekontrakt i 2019.

– Det er fleire situasjonar eg ikkje var samd med linjemannen i første omgang, men eg såg på video i pausen at det var rett. Så eg håpar for alle sin del at det ikkje var offside, slik at det blir diskusjonen etter denne kampen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Annullert mål

I første omgang sette Ull/Kisa-spelar Lars Jørgen Salvesen ballen i mål, men vart avblåst for offside. Også den var av det hårfine slaget.

– Eg står for langt unna til å vurdera det, men eg har snakka med folk som har sett det på TV, og dei meiner det ikkje er offside. Då stolar eg på dei, seier Skogheim.

Laster innhold, vennligst vent..

– Fortent siger

Første runde i kvalifisering til eliteserien, Sogndal - Ullensaker/Kisa.

LETTA: Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sogndal har tapt begge kampane sine mot laget frå Romerike denne sesongen, så bortelaget kom til Sogn med eit psykisk overtak.

– I mine auge var me ikkje storfavoritt i dag, men folk forventar at me skal vinna heime, seier Bakke.

– Me fortente sigeren, spesielt etter dei siste 25 minuttane. Då spring me dei i senk. Men det var fint å sleppa å spela ekstraomgangar, når det kjem ein ny kamp på torsdag mot Aalesund.

– Mot Aalesund er me litt underdogs, og det passar oss endå betre enn favorittstempelet i dag. Me er nøgde med siger, og så skal me bruka dagane godt fram mot torsdag, seier Bakke.

Første runde i kvalifisering til eliteserien, Sogndal - Ullensaker/Kisa.

OVERTIDSSCORING: Trenar Eirik Bakke (i midten) feirar overtidsscoringa med resten av laget.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix