NRK Meny
Normal

Sogndal jaktar på ungt fotballtalent

16 år gamle Mattias Totland frå Fana er ein ettertrakta fotballspelar. Sogndal er ein av fleire klubbar som er interessert i han.

Mattias Totland/Fosshaugane

TALENT: Sogndal har vist interesser for 16-åringen Mattias Totland frå 2. divisjonsklubben Fana.

Foto: Fana IL/Brit Jorunn Svanes, NRK

Det skriv bt.no. Totland er fast på G16-landslaget og både Brann, Lyon og Sogndal ønskjer seg 16-åringen som spelar på 2. divisjonslaget Fana.

Sogndal har invitert Totland på treningsopphald allereie til helga. Også lagkameraten Sindre Lie er ønska til Sogndal denne helga. Begge to er også invitert til Fosshaugane over nyttår.

– Eg merkar meg at Sogndal og Lyon allereie har vore på bana med tankane sine, men eg har ikkje høyrt noko frå Brann om kva dei har tenkt, seier Fana-trenar Rune Vindheim til bt.no.

Sogndal har tidlegare henta Mathias Dyngeland frå fotballklubben Fana.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser