Hopp til innhold

Sogndal jaktar Diskerud

Stabæk sin midtbanekomet Mikkel «Mix» Diskerud er sterkt ønskt hos serieleiar Sogndal.

Mikkel Diskerud, Stabæk

FOSSHAUGANE NESTE? Mikkel Diskerud i aksjon for Stabæk.

Foto: Joakim Bekkåsen / NRK

Isak Scheel

KOM FRÅ STABÆK: Isak Scheel.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix
Espen Olsen

KOM FRÅ STABÆK: Espen Olsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

19-åringen som tok eliteserien med storm i fjor, scora Stabæk sitt 1-0-mål i 2-2-kampen på Brann Stadion søndag kveld. Men heime på Telenor Arena er kvardagen ikkje berre prega av idyll.

Midtbanespelaren er i konflikt med klubben sin, og før helga retta leiinga i 1. divisjonsklubben Sogndal førespurnad med spørsmål om å få leige Diskerud ut sesongen.

Stabæk-kontakt

– Vi har tatt kontakt med Stabæk for å sjekke om det er høve til at Mix kan bli lånt ut til Sogndal frå haustsesongen, stadfestar dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball.

Mikkel Diskerud, eller Mix som han også er kalla, står bokført med 17 eliteseriekampar så langt i år. I fjor briljerte han til tider for Stabæk. Han har fått aldersfastlagde landskampar for både Norge og USA.

Ulike løysingar

Sogndal har skissert ulike løysingar som kan gjere han til Sogndalspelar.

Mundal i Sogdal Fotball presiserer at det framleis er langt fram til ei løysing.

– Dette er sikkert ei sak som er type 30 meter frå mål. Men nokre av dei går inn også. Viss vi får tak i ein så god og etablert midtbanespelar, så vil det vere flott for oss.

Snakka varmt om Sogndal

Isak Scheel, som kom til Sogndal frå Stabæk i år, seier han har gitt Sogndal gode skussmål. I tillegg til Scheel og Espen Olsen, kan Diskerud bli den tredje spelaren i fruktbygda med bakgrunn i Stabæk.

– Han har mange kvalitetar som overblikk, pasningsfot, kreativitet. Offensive ferdigheiter som ikkje mange unge har. I tillegg er han ein allroundar som spelar defensivt og jobbar mykje. Han er ein utruleg god fotballspelar, seier tidlegare lagkamerat i Stabæk, Isak Scheel.