Hopp til innhold

Bakke etter slitesiger mot Ranheim: – Ein del spelarar må heva seg nokre hakk

SOGNDAL (NRK): Sogndal sleit seg til siger mot eit godt Ranheim og er eit steg nærmare spel i Eliteserien 2018.

Kvalifisering til Eliteserien 2018.

JUBEL: Ole Martin Rindarøy vart den store helten for Sogndal då han scora kampens einaste mål.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

I minusgradene i Sogndal skapte heimepublikumet ei fantastisk ramme rundt kampen. Men på bana stod heimelaget sin prestasjon ikkje i stil med livet på tribunen, for det var bortelaget som var best i den første omgangen.

Men etter kvilen, ut av ingenting, kom Martin Ramsland seg gjennom Ranheim-forsvaret, før han spelte ballen til venstre, der Ole Martin Rindarøy kom stormande. Han dunka ballen i lengste hjørne og sende heimelaget i leiinga og sikra ein viktig 1–0 siger, føre returkampen i Trondheim på laurdag.

Målet var Rindarøy sitt tredje på seks kampar.

– Det vert ein tøff kamp på laurdag, vi veit dei er gode på heimebane, men det var viktig å ikkje få mål i mot, seier målscoraren til Eurosport.

Tafatt første omgang

Kvalifisering til Eliteserien 2018.

TØFT: Martin Ramsland (Sogndal) var i fleire tøffe duellar mot Ranheim-spelarane – både offensivt og defensivt.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Ranheim blei nummer fire i førstedivisjon. På sin veg til dei siste og avgjerande kvalifiseringskampane har dei slått både Sandnes/Ulf og Mjøndalen. Dei kom til Sogndal stinne av sjølvtillit, og gav heimelaget knallhard kamp.

Sogndal opna som det førande laget, men Ranheim tok over etter kvart. Fram mot pause jamna det seg ut. Det var nok Sogndal som kunne vera mest nøgde med at det stod 0–0 til pause, slik kampen utvikla seg.

– Vi har ein del å gå på. Ein del spelarar må heva seg nokre hakk for at vi skal slå dei borte. Etter kampen er eg nøgd med 1–0, men eg hadde håpa på eit betre resultat, Sogndal-trenar Eirik Bakke til NRK etter kampen.

Ranheim var gode, spesielt i første omgang, men fekk ikkje betalt i form av scoring.

– Vi får ein dårleg start på andreomgang, og taklar dårleg det høge presset til Sogndal. Eg skulle gjerne sett at vi var litt meir effektive, og så får vi scoringa i mot. Men vi får stadfesta at me held nivået som skal til i eliteserien. Vi er kjempeoffensive i garderoben, og vi skal ta Sogndal i Trondheim, seier Ranheim-trenar Svein Maalen til NRK etter kampen.

Sogndal klarte med minst mogeleg margin å unngå direkte nedrykk til førstedivisjon etter at dei slo Vålerenga 5–2 på heimebane i den siste serierunden. Direkte nedrykk til Aalesund som, trass i ein sterk 4–3 siger heime mot Strømsgodset, hamna bak Sogndal på målforskjell.

Kvalifisering til Eliteserien 2018.

STEMNING: Trass i minusgradene skapte heimelaget sine supportere god stemning på tribunen, godt hjelpt av ein konkurranse som lova 50.000 kroner til dei som skapte mest liv.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix