NRK Meny
Normal

No er marginane på Sogndal si side - Mane sendte Campus til himmels

(SOGNDAL - LILLESTRØM 1-0) Sogndal scora, Fredrikstad slapp inn mål og det same gjorde Sandnes Ulf - alt i løpet av dei siste fem minuttane denne eliteserierunden. Det kan fort bli avgjerande når poenga skal teljast opp etter sesongen.

Malick Mane feirar mål og tre poeng

HELTEN: Malick Mane feirar sitt andre eliteseriemål for Sogndal. Dette er truleg det viktigaste Sogndal-målet so langt denne sesongen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei fleste på Fosshaugane rekna nok med at det skulle bli endå ein 0-0-kamp for Sogndal. Dei tre tilleggsminuttane som var lagt til var over, og fleire var allereie på veg ut dørene. Det kan dei nok angra på i etterkant.

Malick Mane fekk ballen om lag 20 meter frå mål. Med halve Lillestrøm-laget mellom seg og mål, drog han seg innover i bana - forbi mann etter mann - før han dunka ballen til høgre for Lillestrøm-keeper Sead Ramovic og i mål. Med kampens siste spark på ballen sendte han Fosshaugane til himmels.

– Det var veldig godt å sjå den ballen gå inn, seier ein glad, men beskjeden Malick Mane, etter å ha blitt den store helten på Fosshaugane Campus denne kjølige haustkvelden.

Dommaren tok siste blås i fløyta rett etter Lillestrøm tok avspark, og dermed var det gjort: Sogndal fekk ein ny, etterlengta trepoengar.

Sigersbrølet

SIGERSBRØLET: Jubelbrølet som publikum på Fosshaugane ga frå seg då Mane scora på overtid, kan ikkje ha vore veldig langt i frå å ha blitt høyrt i heile bygda.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fem avgjerande minutt

Etter å stort sett ha hatt marginane mot seg sidan det flaue cuptapet mot Florø i mai, kan det sjå ut til at det endeleg har snudd for kvit-trøyene. Ikkje berre vann dei mot Lillestrøm - i ein kamp der det var bortelaget som hadde fortent eitt, og kanskje alle tre, poenga - men deira argaste konkurrentar i nedrykksstriden tapte sine kampar.

I Haugesund var det lenge 0-0 mellom Haugesund og Fredrikstad, men i kampens siste minutt putta Geir Ludvig Fevang ballen i mål for heimelaget. Dermed ga Fredrikstad frå seg eit livsviktig poeng i kampen om fornya eliteseriekontrakt.

I Molde såg det lenge ut til at heimelaget skulle cruise inn til ein komfortabel siger, men Sandnes Ulf reduserte og utlikna til 2-2 i kampens 83. og 85. minutt. Men heimelaget svarte umiddelbart, og Vegard Forren sette inn 3-2 etter 86 minutt - og dermed hindra han at Sandnes Ulf tok eit sårt trengt poeng.

Sogndal fekk ei tre poeng stor luke ned til Fredrikstad, som har 24 poeng, og Sandnes Ulf har 22 poeng - dog med ein kamp mindre spelt. Desse sluttminuttane i dei forskjellige kampane kan fort vera avgjerande når siste kamp er spelt og poenga skal teljast opp.

Malick Mane jublar med innbytterane

VILL JUBEL: Malick Mane blir omfamna av Eirik Bakke (t.v.), Stian Dyngeland (med ryggen til) og Tony Brochmann.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fortente ikkje tre poeng - ekstra deiligt å vinna

– Ja, det kan det. No har me fått oss eit lite pusterom, so dette kan fort bli avjgerande, seier ein glad Henrik Furebotn.

Furebotn sjølv fekk ikkje vera med på mykje av kampen, han måtte nemleg ut med skade etter knappe to minutt.

– Det kjennest ut som om det er ein liten strekk, men det er for tidleg å seia noko om kor alvorleg det er.

Henrik Furebotn måtte ut med skade

UT ETTER TO MINUTT: Henrik Furebotn måtte ut med skade etter berre to minutt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Korleis var det å sjå Mane scora heilt på slutten?

– Det fyrste eg tenkte på var at eg ikkje måtte hoppa slik at skaden vart verre, ler Furebotn.

– Nei, det var heilt fantastisk å sjå den gå inn. Me fortente ikkje tre poeng i dag, men på slike dagar er det ekstra deiligt å vinna. Det er slikt som han (Malick Mane, red. anm) kan, og hadde han prøvd på det der litt oftare so hadde han scora mange fleire mål.

Sogndal har no 27 poeng, Fredrikstad 24 og Sandnes Ulf 22 poeng.

– Godt det gjekk vår veg

Sogndaltrenar Jonas Olsson er ikkje kjend for å la kjenslene ta overhand i intervjusona, og trass i at tre særs viktige poeng vart sikra på overtid av overtida - heller ikkje i dag slapp svensken seg laus i lag med journalistane etter kamp.

– Marginane verkar større når det er få kampar att, men det skjer slikt i byrjinga av sesongen også. Over 30 serierundar jamnar det seg ut, seier den beskjedne svensken.

Jonas Olsson

LUKKELEG: Trenar Jonas Olsson var ein lukkeleg mann etter tre viktige poeng. (arkivfoto)

Foto: Oddleif Løset / NRK

Medan assistenttrenarane Håvard Flo og Tom Mangersnes rulla rundt på kunstgraset i lykkerus, stod Olsson og smilte - kanskje med tanken på at marginane no går med - og ikkje mot - Sogndal.

– Me hadde ferskt i minne korleis bortekampen mot Lillestrøm var i vår, då dei scora på overtid av kampen, so det var godt at det gjekk vår veg i dag, seier Olsson.

Lillestrøm best

Lillestrøm var det beste laget heile fyrsteomgang. Ricardo Santos var gjennom etter 38 minutt, men sette ballen til side for mål, og det var stort sett den einaste gongen Sogndal var verkeleg farlege. Lillestrøm var centimetrar frå å ta leiinga fleire gonger, men treverket eller redningar på streken hindra det.

Ricardo Santos

STOR SJANSE: Ricardo Santos har nett sendt ballen til side for mål på ein av dei største sjansane til Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nærmast var dei nok etter 40 minutt: Thorstein Helstad kom åleine gjennom og vippa ballen i ein boge over Kenneth Udjus. Ballen traff tverrliggaren, men ingen på stadion bekymra seg - for linjemann var oppe med flagget.

Dramatikk vart det derimot når spelarane såg at linjemann tok ned att flagget på kommando frå hovuddommaren. Dommaren såg det reprisane i etterkant viste: det var eit sogndalbein som hadde takla ballen gjennom sitt eige forsvar. Hadde Helstad fått med seg dette, hadde han truleg gjort litt meir enn eit halvhjerta forsøk på å få ballen i mål.

I andre omgang var Sogndal meir med på notane, men utan å skapa dei heilt store sjansane. Men tre minutt på overtid fann ein driblekåt senegalesar vegen til nettmaskene, og sendte dei fleste på stadion til himmels...

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.