Hopp til innhold

Sogndal i dialog om nye spelarar

Sogndal Fotball har hatt kontakt og vist interesse for nigerianske Isaac Loute. Men klubben har også fleire namn på blokka.

Trond Fylling

PÅ JAKT: Sportssjef i Sogndal Fotball, Trond Fylling, er på jakt etter nye spelarar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sportssjef i Sogndal Fotball, Trond Fylling, vil ikkje seie kven klubben har i søkjelyset og kven dei har vore i kontakt med. Men han kan stadfeste at dei har hatt kontakt med Isaac Loute.

– Vi har vore i dialog rundt Loute, men vi har også hatt kontakt med fleire andre. Vi får mange tips om spelarar, vi tek kontakt og undersøkjer. Vi jobbar med rekruttering både på kort og lang sikt, seier Fylling til NRK.no.

Loute: – Ein draum for meg

Isaac Loute kjem frå republikken Benin i Vest-Afrika, og han har imponert speidarar og agentar den siste tida, ifølgje nettstaden supersport.com.

Loute har uttrykt spenning etter tilbodet frå Sogndal, skriv nettstaden.

– Denne moglegheita kom til rett tid. Eg ønskjer å gjere det beste ut av denne moglegheita. Det er som ein draum for meg. Dette kan kanskje vere starten på eit europeisk eventyr, seier Loute til supersport.com.

Han flytta frå Nigeria til Benin i fjor og i to veker spelte han for landslaget mot Rwanda. Han skal ha fått ei rekkje tilbod den siste tida.

Speidarar skal ha blitt overbeviste om hans kvalitetar etter å ha sett han spele ein kamp i Nigeria Premier Leage (NPL) mot Bayelsa United i fjor. Det nigerianske landslaget ville ikkje ha han, men då henta Benin han til sitt landslag.

Vil halde namna hemmeleg

Sportssjef Trond Fylling i Sogndal Fotball seier dei jobbar til ei kvar tid overvaker og jaktar etter nye spelarar.

– Men ønskjer deg Isaac Loute på laget?

– Eg ønskjer meg mange spelarar eg. Men det strandar ofte på økonomi. Eg kan ikkje seie noko meir konkret enn det, svarar Fylling.

– Men er han aktuell for Sogndal?

– Vi ønskjer å halde namna på aktuelle spelarar for oss sjølve. Visst ikkje forsvinn dei til andre klubbar, svarar han.