NRK Meny
Normal

Sogndal hentar Udjus-erstattar frå Sverige

Svenske Erik Dahlin blir Kenneth Udjus sin erstattar i Sogndal Fotball kommande sesong.

Sogndal-trenar Jonas Olsson og keeper Erik Dahlin

VELKOMMEN: Sogndal-trenar Jonas Olsson (t.v.) er nøgd med å kunne setje punktum for keeperjakta etter å ha sikra seg Erik Dahlin (23) frå gamleklubben IFK Göteborg.

Foto: Arve Uglum / NRK

Den svenske 23-åringen blir presentert under ein pressekonferanse på Fosshaugane no i ettermiddag. Erik Dahlin har signert ei treårskontrakt med Sogndal.

Dahlin kjem frå Jonas Olsson sin tidlegare arbeidsgjevar, IFK Göteborg, og har spelt tre kampar for det svenske U18-landslaget.

– Han er ung, men har erfaring frå toppnivå i Allsvenskan. Han har referansar og passer veldig godt i vår struktur, seier Håvard Flo.

Skal modnast

Svensken er tredje keeperblad Dahlin, med Stefan «Tarzan» Dahlin som far og Malmö-keeper Johan Dahlin som eldre bror. 23-åringen starta karrieren i Trollhättans FK som midtstoppar, men vart etterkvart omskolert til keeper. I 2005 flytta han til IFK Göteborg. Han har sidan vore utlånt til 1. divisjonsklubben Västra Frölunda og moderklubben Trollhättan i Superettan.

I 2010 debuterte han i den svenske toppdivisjonen. Ifølgje nettsida til IFK Göteborg har Dahlin 49 A-lagskampar for den svenske storklubben.

– Han er ung og eg trur han her kan bli moden for større oppgåver i framtida, seier Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Svenske Erik Dahlin (23) har signert ei treårskontrakt med Sogndal, og blir Kenneth Udjus sin erstattar som sisteskanse kommande sesong.

SJÅ VIDEO: Sogndal sin nye sisteskanse om valet av Sogndal som klubb.

– Morosamt

Dahlin sjølv seier trenar Jonas Olsson har gjeve både bygda og klubben gode skussmål. Sogndal har dei siste åra hatt gode sisteskansar i Piotr Leciejewski og Kenneth Udjus.

Sistnemnde valde etter årets sesong å gå til Lillestrøm. Sjølv er ikkje svensken framand frå å bruke Sogndal som springbrett til noko større i framtida.

– Det er morosamt å få sjansen til å ta over. No er eg i Sogndal for å gjere det så bra som mogeleg, så får framtida tale for seg sjølv, seier Dahlin.

– Eg ser på det som ei utfordring å komme hit. Samstundes er det speletid som betyr mest for min del, seier legg han til.

Ville ha cuphelt

Med det set Sogndal truleg punktum for keeperjakta før kommande sesong. Klubben hadde i november ein annan svenske, Tim Markström, på prøve. Han uttala seinare at han helst ville bli i Sverige.

Sogndal prøvde også å hente Hødd sin cuphelt, Ørjan Nyland. Sunnmøringen valde i staden å gå til seriemeister Molde. Olsson kjenner Dahlin godt frå tida som trenar i IFK Göteborg.

– Eg kjenner meg kanskje meir trygg med Erik ettersom eg kjenner han frå før, og veit kva person han er. Eg er veldig glad for at Erik er her, seier Olsson.

Salsobjekt

Sogndal-trenaren skildrar 23-åringen som audmjuk og treningsvillig.

– Han har beina godt planta på jorda og eg trur han vil utvikle seg enormt mykje, seier Olsson og vedgår at dei ser på Dahlin som eit potensielt salsobjekt. Kor god han vil bli, er opp til han sjølv, seier trenaren.

– Men får han stå kampar og kjenner tryggleiken i det, og har to unge og svoltne målvakter som gir høgt nivå i treningskvardagen, så kan han bli så god som han vil, meiner Olsson.

Mange usikre

Rune Bolseth var før pressekonferansen den einaste forsterkinga av mannskapet til Olsson før 2013-sesongen.

På den andre sida er sentrale namn som Henrik Furebotn, Kenneth Udjus, Aye Ahyee Elvis og Eirik Bakke definitivt ferdige som spelarar i klubben. Også Ulrik Flo, Stephané Diarra Badji og Azar Karadas kan vere på veg bort.

Dessutan er det usikkert om Gustav Valsvik kjem til semje om ny kontrakt.