Hopp til innhold

Sogndal hentar lokalt talent

Joar Tryti (16) frå Vik fylgjer i fotefara til sambygdingen Gustav Valsvik og blir med tida Sogndal-spelar.

Joar Tryti

FOR FRAMTIDA: Joar Tryti har signert for Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I dag presenterte Sogndal Fotball tre nye signeringar. Ein av dei er ei investering på litt lengre sikt. Joar Tryti kjem truleg til å spele 3. divisjonsfotball for Vik ut denne sesongen. Dei to andre er Magnus Stamnestrø og Bjørn Inge Utvik.

– Nesten som ein draum

Joar Tryti blir av Sogndal-leiinga karakterisert som ein moderne backtype med god teknikk og gode offensive eigenskaper. Sjølv seier han dette om at han no har signert for Sogndal:

– Det er nesten som ein draum, særleg når eg er så ung og får kontrakt med eit lag som spelar på så høgt nivå. Når eg brukar så mykje tid på fotball er det stort å få den meistringskjensla det er å bli lagt merke til.

Han meiner han er ein spelar som kan brukast i mange posisjonar på bana, men dei siste sesongane har han spela mest back og kant. Han reknar med at det enno er langt fram til han får sin debut på førstelaget til Sogndal.

– Eg trur at eg må vere nokså tålmodig, eg må gjere så godt eg kan, og så får tida vise kor fort det går.

Jonas Olsson med tre nye spelarar:

TRE NYE: Jonas Olsson med tre nye spelarar: Magnus Stamnestrø (t.v.), Joar Tryti og Bjørn Inge Utvik

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Håpar å få speletid kjapt

I motsetnad til Joar Tryti er 20 år gamle Magnus Stamnestrø ein spelar som kan vere klar til innsats så snart Sogndal Fotball har bruk for han. Midtbanespelaren som har fått lite speletid i Molde er på utlån og gler seg til å få spele på Fosshaugane Campus.

– Eg er veldig nøgd med å kome hit til Sogndal. Eg ser berre fram til å kome i gang og utvikle meg vidare.

– Kva var bøygen i Molde?

– Der er det ein veldig stor tropp, og eg har vore skadd og gjekk glipp av heile oppkøyringa. No er eg på veg tilbake. Difor er det bra for alle tre partane at eg kjem hit og får speletid.

No håpar trønderen at han kjem kjapt inn på laget til Sogndal.

– Eg håpar eg får sjansen så fort som mogeleg og får vise meg fram. Det er ei veldig spennande gruppe, og eg trur eg kjem til å trivast godt her.

– Kva er styrken din?

– Det er offensivt, med ball, eg er kreativ og ganske bra teknisk, og eg er glad i å avslutte.

Nye Sogndal-spelarar

Tre nye Sogndal-sigeringar på eitt brett: Frå v. Magnus Stamnestrø, Bjørn Inge Utvik og Joar Tryti

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Har gjort rett val

Den tredje signeringa til Sogndal Fotball denne torsdagen er 17 år gamle Bjørn Inge Utvik, som blir karakterisert som eit svært lovande midtstoppartalent. Han valde Sogndal mellom fire norske klubbar som var ute etter han.

– Det har vore mange tankar i hovudet mitt sidan eg hadde så mange tilbod, men no kjennest det godt å vere i Sogndal.

Dei tre andre klubbane som var aktuelle var FK Haugesund, der han har vore til no, Molde og Strømsgodset. Men han valde altså Sogndal.

– Sogndal er ei fotballbygd, og der tek dei godt imot unge spelarar, så eg meiner eg har gjort eit rett val for å ta eit viktig steg i karrieren min.

– Så det er utsiktene til speletid og det å få prøvd deg som avgjorde?

– Ja, så absolutt. Og så er det bra spelarar her, og dei spelar fin fotball, så det var siste grunnen til at eg valde Sogndal, at eg får tidleg erfaring.

Han er klar over at Sogndal har gode stopparar i Gustav Valsvik og Hannu Patronen, og at han må jobbe for å få sleppe til på eliteserielaget.

– Eg skal prøve så godt eg kan og vise igjen på trening, så får eg håpe speletida kjem etter kvart. Det er ikkje slik at eg må rett inn og spele, men eg håpar å få innhopp, så då trur eg det skal gå bra.

– Får stor nytte av Stamnestrø

Trenar Jonas Olsson seier det er litt ulike grunnar til dei tre signeringane.

– Magnus Stamnestrø treng vi fordi vi har mykje skadar på midtbanespelarane. Det er ein veldig dyktig spelar som vi kjem til å få stor nytte av når han kjem i orden fysisk.

Men Olsson trur ikkje trønderen kjem til å gå rett inn på laget.

– Han får vere med og trene, så får vi sjå korleis han ser ut. Vi skal ikkje ta det for bråttom med Magnus, men det er mange kampar, så vi kjem til å bruke han.

Stor tru på Tryti

Dei to andre som i dag har signert for Sognal, Joar Tryti og Bjørn Inge Utvik, ser Olsson som investeringar i framtida.

– Dei får vere med og trene og kjenne på miljøet. Joar har vore med oss på treningsleir og gjort det veldig bra. Han har bra fart og ein god fot, eg har stor tru på han. Han kjem garantert til å spele A-lagsfotball for Sogndal.