Hopp til innhold

Sogndal gjekk vidare i cupen - men det var berre så vidt

Ein svak andre omgang heldt på å sende Sogndal ut av cupen, men eliteserielaget slapp med skrekken mot Fyllingen.

Video NM 2. runde: Fyllingen - Sogndal

MÅLA: Sjå scoringane frå cupkampen mellom Fyllingen - Sogndal.

Sogndal imponerte ingen, då dei torsdag slo Fyllingen 2-0 på Varden Amfi i Bergen.

Per-Egil Flo sende Sogndal i leiinga etter 26 minutt, etter at Henrik Furebotn hadde spelt backen fri framfor mål. Først etter 84 minutt avgjorde Ole Jørgen Halvorsen det heile med 2-0 på straffe.

Då hadde Fyllingen pressa eliteserielaget bakover på bana i jakt etter utlikning.

– Det var godt å få inn den scoringa. Det var viktig, seier Ole Jørgen Halvorsen til NRK.no.

Scora på straffe - fekk kontroll

Sogndal var det førande laget i første omgang, men fall tilbake og let seg presse bakover etter kvilen. Med litt meir presisjon og flaks i avgjerande augneblink kunne Fyllingen fort ha utlikna.

Difor kom straffescoringa svært godt med for Harald Aabrekks menn.

– Det viste seg at det ikkje var berre-berre å slå Fyllingen. Men no er vi vidare, og det var det viktigaste i dag, seier Even Hovland.

– Er positivt med ein siger

Hovland var tilbake i midtforsvaret etter at han sto over 0-0-kampen mot Viking i helga grunna suspensjon etter raudt kort. Eirik Bakke sto igjen over kampen på grunn av ein skade.

– Kva betyr denne sigeren for det som skal skje vidare?

Det er positivt å få med seg ein siger, for vi står framfor eit tøft program no. Vi må stå på, og ta dette med oss, seier Hovland.

Håpar på Hønefoss i neste runde

Kven Sogndal skal møte i tredje runde i NM blir avgjort av fotballforbundet på fredag.

– Det kunne ha vore artig å møte Hønefoss. Då hadde det blitt ein retur for Bolli (Rune Bolseth, red. mrk.) til Fosshaugane, meiner Halvorsen.

PS: Sogndal står no framfor eit knalltøft kampprogram i eliteserien, med oppgjer mot Stabæk, Lillestrøm og Rosenborg.