Manglar 160 selde sesongkort på å slå rekorden frå i fjor

Til no har Sogndal Fotball selt 160 færre sesongkort enn dei selde totalt for sesongen i fjor. Arrangementssjef Geir Inge Heggestad er viss på at dei kjem til å selje vel så mange i år.

Geir Inge Heggestad

TRUR DEI NÅR REKORDEN: Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, har tru på at dei når rekorden sin frå i fjor på 1700 billettar.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vi har selt 1550 sesongkort til no. Det vil i grunnen seie at vi er på same nivå i år som vi var i fjor, seier Geir Inge Heggestad, arrangementssjef i Sogndal Fotball.

Han peikar på at ein sel sesongkort ei god stund også etter at sesongen er starta, og erfaringsmessig veit han at det er fleire som sit på gjerdet og ventar til siste sekund.

To veker til første heimekamp

– Første kampen er til helga, og det er borte mot Odd Grenland. Første heimekamp er ikkje før om nesten to veker, så dette går bra, seier Heggestad.

Målsetjinga har heile tida vore å selje 1700, som var talet i fjor, og som til no er rekorden.

– Eg trur ikkje det er sannsynleg å tru at vi kan toppe det veldig. Vi må sjå på grunnlaget. Sel vi 1700 er det ganske bra, seier Heggestad.

Har fleire prosjekt på gang

– Etternølarane kjem erfaringsmessig dei siste fjorten dagane. Vi har også ein del prosjekt gåande med idrettslag på Kaupanger, samt at vi har laga eit nytt konsept på familietribuna, seier Heggestad.

Prisen på dei fleste sesongkorta er identisk med i fjor.

– Men på familietribuna har prisen auka litt, seier Heggestad, som ikkje legg skjul på at dei merkar godt i Sogndal Fotball at det no dreg seg til mot sesongstart.

– Vi merkar det på alt, så det skal bli godt når det no brakar laust, seier Heggestad.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.