Hopp til innhold

Sogndal håpar på dårleg skivêr

I fjor fann 3800 menneske vegen til Fosshaugane på første heimekamp for sesongen. I år ventar dei at talet går ned med nesten 1000.

Eldar Skjeldestad Åsebø med dei nye Sogndal-draktene.

ØNSKJER DÅRLEG SKIVÊR: Eldar Skjeldestad Åsebø håper på dårleg skivêr, men bra fotballvêr på sundag.

Foto: Privat

Det fortel medieansvarleg Eldar Skjeldestad Åsebø i Sogndal Fotball. Han seier at talet i fjor var unormalt høgt.

– I fjor var første seriekamp på bortebane. Då vann vi 4–0 mot Odd Grenland. Det kan ha bidratt til høg entusiasme før første heimekamp veka etter.

Han trur også at temperaturen kan spele ei rolle.

– Kampen i fjor var seinare på våren, så det var litt varmare i fjor enn det blir i år. Eg trur det kjem i underkant av 3000 på sundag, seier han.

Håper på dårleg skivêr

I fjor var første heimekamp 1. april. I år kjem den allereie sundag 17. mars. Men Åsebø vil ikkje gi opp håpet om mange på tribunen heilt endå.

– Det er ofte slik at når det er fint skivêr, vil folk gå på ski på dagen. Då er det mange som ikkje orkar fotballkamp på kvelden.

– Håper du på dårleg skivêr?

– Ja, dårleg skivêr, men bra fotballvêr, ler Åsebø.

Like mange sesongkort

Sjølv om talet på publikum i første heimekamp går ned, trur Åsebø at det vil jamne seg ut utover i sesongen.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ja, i fjor selde vi 1907 sesongkort, og vi har selt omtrent like mange i år. Vi er ganske nøgde med at folk har lyst til å teikne sesongkort og at dei kjem på kamp. Det syns vi er flott, seier han.

Han trur også det kjem mange som ikkje har sesongkort på kampane til Sogndal.

– Eg har tru på at det blir ein del folk. Det er jo tippeligakamp!

Oppgang i fjor

Sjølv om talet på publikum jamt over går ned i Tippeligaen, har Sogndal hatt ei auke dei siste åra.

– Ja, i fjor var vi ein av to klubbar som hadde oppgang i Tippeligaen. Vi hadde 16 prosent, og Strømsgodset hadde vel ein prosent, seier Åsebø.

Han trur tiltaka rundt sjølve kampen var avgjerande for publikumsauken.

– Vi hadde mellom anna gratis barnepass, slik at foreldre med ungar kunne vere med på kampen, fortel han.

Sjølv om Åsebø fryktar at den låge temperaturen kan halde folk vekke frå kamp, har han førebels trua på at folk trassar kulda.

– Det er alltid spesielt med tippeligakamp i Sogndal, så eg håper ikkje at nokre kuldegrader har noko å seie.