Hopp til innhold

Sogndal hadde marginane på si side

Sogndal vann fredag 1-0 over Molde i det første oppgjeret i juniorturneringa i Sognahallen.

Torbjørn Glomnes

Torbjørn Glomnes leiar Sogndal-juniorane.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Gøran Wigum sette like før pause inn scoringa som sikra vertane sigeren.

- Vi må nok innrømme at vi hadde marginane på vår side. Molde var klat betre enn oss. Spesielt i byrjinga, vedgår trenar Torbjørn Glomnes etter at disiplane hans tok skalpen på eit sterkt Molde-lag.

Sløste med sjansar

Molde stilte med eit godt juniorlag til oppgjeret. Sjølv om dei opna best, hadde vertslaget ein god mann mellom stengene i årdølen Stian Karlsen.

- Han stod veldig bra, samstundes som at Molde sleit med å få avslutningane på mål. Dei hadde fleire store sjansar, seier Glomnes.

Kunne blitt meir

Utover i kampen kom Sogndal meir med i kampen. Etterkvart som minutta tikka nærare og nærare 90 minutt, måtte blåtrøyene frå "Rosenes by" framover på bana.

- Då opna det seg sjansar for oss, og vi kunne fått fleire mål, seier Glomnes.

God Norevik

I følgje heimesida til Sogndal var Førde-spelaren Bernt Norevik best på Sogndal. Norevik var også spelaren som sytte for straffe då han prøvde å forsere ein forsvarar ved å vippe ballen forbi han. Ballen trefte motspelaren i handa.

- Eg har ikkje for vane å trekke fram einskilde spelarar, men Bernt er ein av dei beste på laget og gjer ein god jobb saman med andre. Dei forsvarte seg godt etter tok leiinga, seier Glomnes.

- Spennande spelar

Bernt Norevik

Bernt Norevik spelte i sommar for Molde i treningskamp mot Brann. Fredag var han sterkt delaktig då juniorlaget til Sogndal slo Molde.

Foto: NRK

Glomnes seier at både Norevik og 15-åringen Gustav Valsvik er spennande spelarar. Vikjen vart nyleg teken ut på G16-landslaget . I morgon møter Sognal Notodden, medan dei søndag avsluttar turneringa mot Haugesund.

- Vi har litt høge skuldrar i dag, men det blir nok betre utover i turneringa etterkvart som spelarane får ned skuldrane og blir kjende med kvarandre, seier Glomnes.