Hopp til innhold

Sogndal greier seg, trur ekspertane

Dei sportsansvarlege i dei største mediene her i fylket er alle overtydde om at Sogndal kjem til å overleve i eliteserien.

Henrik Furebotn

SOGNDAL HAR TRUA: Kaptein Henrik Furebotn og Sogndal har tre heimekampar att.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Søndag møter Sogndal Aalesund til den første av fire skjebnekampar, og styreleiar i Sogndal fotball, Tor Arne Ness, meiner at laget er 100 prosent innstilt på å sikre fornya kontrakt.

– Det er heilt opp til oss sjølve i dei siste fire kampane. Vi ligg på trygg grunn slik det er no. Vi er veldig positive, og vi skal greie dette saman.

Og Ness er ikkje åleine om å vere optimist med tanke på ny elitekontrakt i saftbygda. Laget har tre heimekampar og ein bortekamp att denne sesongen. Komande søndag er det Aalesund som kjem på besøk til Fosshaugane.

Kunstgras på Fosshaugane

OPTIMIST: Styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rivalane i innbyrdes oppgjer

Dei to laga som Sogndal bør ha bak seg på tabellen møtest til innbyrdes oppgjer laurdag. Utfallet av Sandnes Ulf-Fredrikstad blir interessant. Dersom Sogndal skal ha begge laga bak seg, kan uavgjort vere det mest gunstige for kaptein Henrik Furebotn og resten av laget.

Rune Fossum

- GODE SJANSAR: Rune Fossum, NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det blir frykteleg jamnt

Sportsansvarleg i NRK Sogn og Fjordane, Rune Fossum, trur det blir spennande.

– Det blir frykteleg jamnt, men eg trur Sogndal har den mest overkomelege motstanden i innspurten, og eg trur dei har gode sjansar til å greie seg, så framt dei har avgjort alt før siste runden mot Brann. Den kampen trur eg blir tøff.

Endre Romøren

- HELD AKKURAT: Endre Romøren, Sogn Avis.

Foto: Wantana Tiemey / Sogn Avis

– Tek akkurat nok poeng

Også Endre Romøren i Sogn Avis har trua.

– Eg trur dei tek akkurat nok poeng til at dei spelar i eliteserien også neste sesong. Med tanke på kampprogrammet til Sogndal og dei andre laga ser det ut til at dei skal halde til slutt.

Det må nemnast at Sogndal har hatt veldig god grunn til å vere nøgd med dei siste resultata til dei to laga dei knivar med. I to kampar har Fredrikstad fått eit avgjerande baklengsmål på overtid, medan Sandnes Ulf tapte poeng på eit feil idømt frispark i Molde.

Stig Roger Eide i Firda er trygg på at Sogndal klarar brasene.

Stig Roger Eide

- IKKJE I TVIL: Stig Roger Eide, Firda.

Foto: Privat

– Slik vi tippa før sesongstart

– Eg er ikkje i tvil om at det bør gå vegen for Sogndal. Det var og det eg tippa før sesongen at dei skulle halde seg og unngå kvalifisering. Vi var vel mellom få i medie-Norge som hadde trua på Sogndal før sesongstart.

Styreleiar Tor Arne Ness meiner at Sogndal ikkje berre vil klare seg i årets eliteserie, men at dei også kjem til å bite godt frå seg dei komande sesongane.

– Vi er heilt klare for fleire år i toppen av norsk fotball, og eg trur det kan bli spennande dei komande åra.

Tre poengs forsprang

Slik ser den nedste delen av tabellen ut når det står att fire kampar (Sandnes Ulf har fem kampar att):

Tabellen i eliteserien

Her er heile tabellen :

Her er kampane som står att for Sogndal og dei to laga dei bør ha bak seg, Fredrikstad og Sandnes Ulf:

  • Laurdag 27.10: Sandnes Ulf-Fredrikstad
  • Søndag 28.10: Sogndal-Aalesund
  • Fredag 2.11: Fredrikstad-Odd Grenland
  • Søndag 4.11: Hønefoss-Sandnes Ulf
  • Søndag 4.11: Sogndal-Vålerenga
  • Søndag 11.11: Sandnes Ulf-Strømsgodset
  • Søndag 11.11: Rosenborg-Fredrikstad
  • Søndag 11.11: Stabæk-Sogndal
  • Søndag 18.11: Fredrikstad-Molde
  • Søndag 18.11: Aalesund-Sandnes Ulf
  • Søndag 18.11: Sogndal-Brann