NRK Meny
Normal

Sogndal gir opp Sesay

Sogndal Fotball gjev opp å få Mohamed Sesay klar til sesongstart.

Mohammed Sesay

KJEM IKKJE: Mohammed Sesay har ikkje fått løyve til å komme til Norge.

Foto: Rune Fossum

Spelaren frå Sierra Leone var i klubben første halvdel av 2010, men er no i heimlandet der han ventar på å få løyve til å reise til Noreg, skriv Sogn Avis.

– Må komme oss vidare

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, seier denne prosessen kan ta frå eitt til fem år.

– Vi har jobba med saka i eitt år, så no må vi kome oss vidare, seier han til avisa.

Brukte to ulike namn

Sesay, som eigentleg heiter David Simbo, har brukt to ulike namn og det er difor usikkert om han i det heile kan kome attende til landet.

Men Fylling seier at døra framleis er open for spelaren dersom han får løyve å arbeide i Norge.

– Det er synd vi ikkje kan bruke han, for han er ein veldig god spelar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå