NRK Meny
Normal

Sogndal går glipp av store pengar

Heller ikkje Sogndal Fotball søkte om momskompensasjon. No går dei glipp av eit sekssifra belløp.

Egil B. Mundal på Fosshaugane

FLAU: Dagleg leiar Egil B. Mundal konstaterer at Sogndal Fotball har gått glipp av eit sekssifra beløp.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det er ei sur sak at pengane har gått ifrå oss, men vi ser at det er vi som har mistolka situasjonen, seier dagleg leiar Sogndal, Egil B. Mundal til bt.no.

- Vårt og mitt ansvar

Tidlegare denne veka vart det kjent at Brann gjekk glipp av 3,9 millionar kroner då dei gløymde å søkjer momskompensasjon. For Sogndal sin del var det ikkje snakk om forgløymelse, men heller at dei misforstod reglementet.

Akkurat kor mykje dei går glipp av er uvisst, men ifølgje avisa er det snakk om eit sekssifra beløp.

- Dette er fullt og heilt vårt og mitt ansvar, resignerer ein flau Mundal til avisa.

Var tilgjengeleg

Medan klubben trudde at dei berre skulle melde inn det som var mosmpliktig, viser det seg at det var nok å melde inn brutto driftskostnadar - eit tal som allereie er å finne i rekneskapen.

Dermed skulle det ikkje mykje arbeid til for å det naudsynte beløpet.

- Når vi no veit at vi kunne ha meldt dette inn på søknadsdagen, set det oss i eit endå dårlegare lys, seier Mundal til avisa.

Han meiner likevel at informasjonen om ordninga har vore for dårleg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå