Hopp til innhold

Sogndal går for kunstgras

Sogndal Fotball har vedteke å leggje om til kunstgras på Fosshaugane Campus i sommar.

Fosshaugane Campus

NYTT DEKKE: Her blir det kunstgras om tre månader.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er ei skikkeleg gladsak, og gjev nye moglegheiter for utvikling av Fosshaugane Campus, seier styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness.

Sogndal Fotball har i vinter jobba med å skaffe dei midlane som må til for å få prosjektet i boks.

Aukar kapasiteten

– Det vil koste mellom seks og sju millionar kroner å byta til kunstgras, sa dagleg leiar Egil B. Mundal til NRK.no i november.

No er altså finansieringa i boks. Gjennom reduserte driftskostnader, samt at auka kapasitet gir støre inntekter, har ein klart å få økonomisk berekraft i prosjektet.

– Dette er ei framtidsretta løysing, med sambruk og utvikling i fokus. I tillegg får A-laget trene på kamparena, samt at dei får ein betre og meir effektiv treningskvardag, seier Ness.

Gir eit nytt løft

Han legg til at kunstgraset vil vere trenings- og kamparena for A-laget, og kamparena for aldersbestemte lag.

– Med kunstgras på Fosshaugena Campus vil det også kunne gi eit nytt løft i samarbeidet med skulane på Campus og idretten i Sogn og Fjordane, seier Ness.

Arbeidet tek til etter siste heimekamp mot Sandnes/Ulf før ferien 23. mai. Planen er at kunstgrasbana skal ha opning under Lerum Cup, og heimekampen mot Fredrikstad laurdag 30. juni.