NRK Meny
Normal

Sogndal frå grønt til gult, men ingen fare

Økonomien i Sogndal Fotball var på det beste nivået, i grøn sone, 30. juni i fjor. Ved årsskiftet hadde klubben kome over i gul sone.

Egil Mundal

– NÆRARE GRØNT ENN RAUDT: Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball meiner dei har god kontroll på økonomien.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det viser Klubblisens 2015, oversynet frå Norges Fotballforbund over den økonomiske stoda i norske toppklubbar. Men dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball seier at dette ikkje er særleg dramatisk.

– 30. juni er det tidspunktet på året vi har våre beste tal, og 31. desember er i motsett ende av skalaen. Vi burde heller ha vore målt på eit snitt av dei to tidspunkta. Vi har Norges kanskje tredje største totalbalanse innan klubbøkonomi på grunn av Fosshaugane Campus.

– Kan bli utfordra på likviditet

Men fotballforbundet er også oppteken av likviditet, og på det punktet er ikkje 31. desember det gunstigaste tidspunktet for Sogndal Fotball, seier Mundal.

– Vi hadde eit flott år i gjor, likevel hamna vi rett ned på gult lys. Men det er ikkje utfordrande for oss på noko vis. Det som er utfordrande for oss over tid kan vere likviditeten pr. 31.12. Då kan vi hamne på raudt lys, sjølv om dei andre parametera er heilt OK.

– Nærare grønt enn raudt

– Er de langt unna raudt lys slik situasjonen er no?

– Den 31. desember var vi nærare grønt lys enn raudt lys. Men det krev streng disiplin og god utvikling.

Norges Fotballforbund har ein poengskala på klubbøkonomi, der lag med under 65 poeng hamnar på raudt lys, mellom 65 og 130 poeng gir gult lys, og over 130 poeng gir grønt lys.

Ved årsskiftet hadde to klubbar i Tippeligaen raudt lys. Det var Brann og Start. Seks klubbar, mellom dei Sogndal, hadde gult, og åtte klubbar hadde grønt lys.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå