NRK Meny
Normal

Sogndal Fotball med pressekonferanse

Hovudtrenar Eirik Bakke presenterte i dag Sogndal Fotball sitt nye trenarteam.

Pressekonferanse Sogndal Fotball

NYTT TEAM: Sogndal fotball heldt ein uformell pressekonferansen måndag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal går ein spanande sesong i møte etter nedrykket frå eliteserien i fjor. Tidlegare Leeds, Brann- og Aston Villa-spelar Eirik Bakke har teke over hovudansvaret etter Jonas Olsson.

Skotsk trenar

Sogndølen har sett til den britiske fotballøya og tilsett skotske Ian McParland som A-lagstrenar .

53-åringen har tidlegare ei lang karriere bak seg som spelar på ulike nivå i England, Skottland og i Hongkong. Som spiss vart det 320 kampar og 88 mål, hovudsakleg for Notts County.

Han har 118 kampar som manager i Nottingham Forest, Notts County og Ipswich Town. I tillegg var han assistentmanager i Swindon Town.

McParland sin managerstatistikk

Lag

Nivå

Frå

Til

Kampar

Sigrar

Uavgjort

Tap

Nottingham Forest

League 1

17.02.2006

30.05.2006

13

8

4

1

Notts County

League 2

18.10.2007

12.10.2009

103

28

31

44

Ipswich Town

Championship

07.01.2011

12.01.2011

2

1

0

1

Haugen blir trenar

I tillegg er det klart at Helge Haugen (32) legg fotballskoa på hylla for å bli fysisk trenar i Sogndal Fotball.

Tom Mangersnes, som i fjor var assistenttrenar under Olsson, trer inn i rolla som analysesjef og speidar i Sogndal, samstundes som han går inn i Olafur Ôrn Bjarnason sitt trenarteam i 2. divisjonsklubben FK Fyllingsdalen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast