Sogndal Fotball gjekk i overskot

I 2016 gjekk Sogndal Fotball med 6,7 millionar kroner i pluss. Klubben omsette for 44,4 millionar kroner. Sal av spelarar har vore med å gi godt resultat, men det kan også vere krevjande for klubben, fortel dagleg leiar Egil Mundal i ei pressemelding. – Det gjev god økonomi, men skapar sportslege utfordringar på kort sikt. Men at me sel vidare spelarar er også ein av grunnane til at unge talent vel å kome til Sogndal.

Egil Mundal
Foto: Sondre Dalaker / NRK