– Det at de brukar nynorsk naturleg i ei verd som er så dominert av bokmål, er viktig for haldningane til dette språket, både i lokalmiljøet og nasjonalt, heiter det i ei pressemelding frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
– Nynorsk blir ikkje sidrompa når det på ei fotballside står om «Siger på vindfulle La Manga» eller «heimetrøye». Særleg når Tone Damli Aaberge er med og reklamerer for trøya, heiter det vidare.
- LES OGSÅ:
Kan opne nye moglegheiter
For Sogndal er prisen ein etterlengta opptur, etter at laget har hatt ein svært tøff start på sesongen. Laget ligg sist i eliteserien, og har ikkje vunne éin kamp denne sesongen.
Dagleg leiar Egil B. Mundal er på LNK sitt landsting på Sand i Suldal for å ta imot prisen saman med marknadssjef i Sogndal Fotball, Rasmus Mo.
– At ein fotballklubb får ein slik pris er spesielt å oppleve. Det betyr at arbeidet vi har gjort med å byggje ein merkevare har blitt lagt merke til. Som representant for norsk toppfotball er det lett å bli stolt av å få ein slik pris, seier marknadssjefen.
– Å få ein slik pris opnar eit nytt utstillingsvindauge for oss, og det skal vi bruke ærleg, legg han til.
Har nynorsk i ryggraden
Sjølv om nynorsk sit i ryggraden til dei to sogndølane og til dei fleste tilsette i klubben, er dei medvitne på at det som blir skrive i klubben sin regi skal skrivast på nynorsk.
– Dei tilsette som ikkje skriv nynorsk, får heller ikkje publisere noko. Mediasjefen vår er frå Moss, og når han har skrive noko, les vi andre korrektur før vi publiserer det, fortel Mundal i pressemeldinga.
LNK sin målpris skal gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993.