NRK Meny
Normal

Sogndal forhandlar med midtstoppar

Sogndal Fotball er i samtale med Hannu Patronen (27) med tanke på å hente han til klubben. Avklaring kan kome allereie i dag.

Hannu Patronen

DIALOG: Sogndal Fotball vil hente den finske midtstopparen Hannu Patronen til saftbygda.

Foto: BJÖRN LINDGREN / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Hannu Patronen si kontrakt med fjorårets svenske trippelmeistrar, Helsingborgs IF, gjekk ut ved årsskiftet.

Midtstopparen har siste veka vore i Sogndal, der han mellom anna spelte under helgas Vestlandsmeisterskap i Åsane. Partane har i store delar av dagen site i møte.

– Vi er i dialog om kontrakt, men det er ingenting som er formalisert eller konkretisert, stadfestar spelarutviklar Håvard Flo.

Godt inntrykk

Sogndal har sidan sesongslutt mista fleire av forsvarsspelarane. Isak Scheel reiste til Lillestrøm , Mats Solheim til svenske Kalmar og Even Hovland til Molde .

Håvard Flo

NØGD: Håvard Flo og Sogndal var nøgde med det dei såg av Hannu Patronen.

Foto: Rune Fossum / NRK

I tillegg fekk verken Barry Kader eller Vegar Gjermundstad fornya kontrakt . Sistnemnde trenar framleis med Sogndal og klubben vil ta stilling til ei eventuell kontrakt i slutten av månaden.

– Vi fekk veldig godt inntrykk av Patronen i helga. Vi har signalisert at vi har lyst å sjå på moglegheiten for å få han til klubben, seier Flo.

– Heller Norge

Den finske midstopparen kan bli klar iløpet av dei neste dagane. I Sverige vart det smått med speletid i fjor. Mellom anna på grunn av skade.

– Hannu var bosman i Sverige, så i prinsippet er han ein fri spelar, seier Flo og ikkje vil kommentere om andre klubbar er interesserte i Patronen.

Kjelder i Helsingborgs stadfestar at dei vurderer å knyte han til klubben att, medan spelaren sjølv vil gå til ein klubb der han får speletid.

– Eg trur at Norge vil passe meg betre enn Sverige. Duellane er hardare og det er fleire taklingar, seier Patronen sjølv til finske MTV3.

A-landslagsspelar

Patronen, som også kan spele defensiv midtbane, har 18 U21-landskampar for Finland. I fjor debuterte midtstopparen også på det finske A-landslaget.

I løpet av 3,5 år i Sverige har det blitt to mål og 55 obligatoriske kampar. Og over 3 000 speleminutt i den svenske toppdivisjonen. Han har også spelt i Europa med Helsingborgs.

– Er dette erstattaren til Even Hovland?

– Det kan det vere. Han har lang fartstid og erfaring på høgt nivå. Han er ein type som er hardtarbeidande, kompromisslaus, god i nærduellar, god i lufta og har bra tempo, seier Flo.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser