Hopp til innhold

Sogndal fekk feil opplysningar

I Sogndal lev framleis håpet for at Mohammed Sesay likevel får opphaldsløyve.

Trond Fylling

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, håpar på snarleg avklaring kring Mohammed Sesay.

Foto: Scanpix

NRK melde tysdag at 19-åringen som Sogndal henta inn som erstattar for Rune Bolseth , fekk avslag på asylsøknaden sin . No har sportsleg leiar Trond Fylling fått nye signal.

Håpar på avklaring

Fylling seier til Sogn Avis at klubben har vore i kontakt med ein advokat, som seier at opplysningane dei fekk om avslaget var feil.

- Det føreligg inga offisiell avgjerd, dermed er sjansen stadig til stades for at vi får behalde Mohammed, seier Fylling og vonar på endeleg avklaring i løpet av kort tid.

Beheld keeper

Ifølgje same avis vil også Sogndal behalde amerikanaren Joseph Bendik (20). Keeperen har prøvespelt for 1. divisjonsklubben dei siste vekene. No tyder det meste på at han blir andrevalet bak Piotr Leciejewski.

- Vi reknar med å få kontrakten på plass innan kort tid, seier Fylling til avisa.