Hopp til innhold

Sogndal feira ut i dei små timar

Heilt ut i dei små timar feira Sogndal-spelarane fornya eliteseriekontrakt. Dagleg leiar Egil Mundal vedgår glatt at han gav seg lenge før dei som heldt ut lengst.

Sogndalspelarane takkar publikum.

FYR OG FLAMME: Både spelarane og støtteapparatet var frå seg av glede dei kunne juble over fornya eliteseriekontrakt etter 2–0 sigeren over Brann på Fosshaugane i går.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ulrik Flo sette Fosshaugane i fyr og flamme då han fekk krangla ballen i mål like før pause. Då Ørjan Hopen plussa på til 2–0 berre nokre minutt før full tid kom jubelbrølet i Sogndal.

Egil Mundal

LYKKELEG: Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball legg ikkje skjul på at det vart feira ut i dei små timar. Ikkje så rart kanskje når laget presterte når dei måtte.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Med siger og tre svært viktige poeng er laget frå saftbygda sikra nok ein sesong i den øvste divisjonen, og slikt må feirast.

– Eg sjekka Facebook-sida mi like før eg kom ned her, og då var det 23 minutt sidan dei siste gav seg, flirer Egil Mundal då han snakkar med NRK like over klokka 08 måndag morgon.

– På ein slik dag er nesten alt lov.

– Det var heilt fantastisk

Uttrykket kniven på strupen var svært så passande for situasjonen Sogndal hadde sett seg i før siste seriekamp mot Brann i går.

Fornya kontrakt skulle dei eigentleg ordne med lett siger over allereie nedrykka Stabæk, i staden vart det spenning til siste minutt i siste runde.

Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball vedgår at veka før kampen var spesiell. Kor vidt laget ville klare plassen var også avhengig av korleis dei andre laga i botnen gjorde det.

Men med siger på heimebane og tap for Hønefoss, Fredrikstad og Sandnes Ulf gjekk det vegen for Sogndal.

– Det har vore ei spesiell veke for oss, og då er det ekstra spesielt når det går så bra. Med over 5000 på tribunane, i flaumlys ... Det var heilt fantastisk, seier han tydeleg nøgd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Saftkokaradn

JUBELBRØL: Målskårarane Ulrik Flo og Ørjan Hopen sette fullstendig fyr på heimepublikumet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Krampaktig

Men det såg ikkje like lovande ut frå start. Brann starta klart best, medan Sogndal verka vere prega av alvor.

– Reint spelemessig var det litt krampaktig dei første ti minuttane, men det tok seg kraftig opp og det enda opp.

– Det er ein idrett med små marginar vi snakkar om, så vi er glade for at det gjekk så bra, seier Mundal.

Det skal ikkje sparast på krut

Då dommaren bles i fløyta etter 93 minutt kunne Sogndal-spelarane endeleg sleppe jubelen laus.

Ulrik Flo som skåra sitt tiande mål for sesongen såg for seg ei veldig feiring.

– I kveld blir det ellevilt. Det skal ikkje sparast på krut. Det blir «botn pine», jubla han etter kampslutt.

– Det var ikkje vanskeleg

Og feiring har det utan tvil blitt. Sogndal reiste rett frå garderoben på Fosshaugane til Quality Sogndal Hotell for å feire fornya kontrakt. Og dagleg leiar Egil Mundal legg ikkje skjul på at det vart full fest.

– Det var sjølvsagt ikkje spesielt vanskeleg å lage ein god fest i går kveld.

Før kampen kunne det gå begge vegar for laget frå saftbygda, og Mundal seier det ikkje var planlagt noko fest på førehand.

– Vi har masse flinke folk med oss, så det blei ein flott kveld med nærare 100 stykk til middag og litt godt i glaset, seier Mundal.

Fleire på veg vekk

Allereie i dag har han byrja å sjå framover mot neste sesong. Ei rekkje sentrale spelarar er på veg vekk frå klubben, mellom anna forsvinn den svært solide sisteskansen Kenneth Udjus til Lillestrøm.

I tillegg er både Ulrik Flo, Per Egil Flo og Stephané Badji nemnt som spelarar som er modne for å gå vidare.

Gustav Valsvik, Azar Karadas og Henrik Furebotn står alle utan kontrakt, og i tillegg har Eirik Bakke opna for at han vil leggje opp.

Ikkje uroa for spelarstallen

Men Mundal er ikkje uroa for neste sesong av den grunn.

– Før denne sesongen miste vi seks-sju faste og vart dømde ned av alle, seier Mundal og legg til:

– No har vi ein spelartropp med ei fin blanding av unggutar som har etablert seg i eliteserien og nokon som bankar kraftig på døra, seier den daglege leiaren.

Han er trygg på at sjølv om fleire av dei sentrale spelarane reiser frå saftbygda, så vil det vere andre klare til å ta over.

– Vi skal stille med 11 mann og vere godt budde til neste sesong, lovar Mundal.