Hopp til innhold

Sogndal får trene på Fosshaugane

Sogndal kom direkte frå treningsopphald i Spania til ei sesongklar grasmatte på Fosshaugane.

 

Trass i at vi framleis skriv mars månad har altså Sogndal fått viktige treningstimar på eige gras, for søndag er det generalprøve på seriestarten i 1. divisjon når Bodø/Glimt kjem på besøk til Fosshaugane.

Assistenttrenar Johan Sigurdson er svært glad for at laget får den siste oppkøyringa mot seriestart på gras.

- Kjempejobb

- Det er kjempebra. No var vi ei veke på La Manga på kjempebra grasbaner. Vi var lova at vi skulle få trene på Fosshaugane når vi kom heim, men vi var litt skeptiske når vi såg dei norske vermeldingane. Men Knut Christiansen og banemannskapet har gjort ein kjempejobb, og det var fantastisk at vi fekk trene der.

- Bana er bra, rett nok ikkje så grøn at det gjer noko, men forbausande fast til å vere på denne tida av året, seier Sigurdson..