Hopp til innhold

- Sogndal sikra eitt poeng på ein dag der lite fungerte

– No skal vi ha spelepause i to veker, så då skal vi kvile og komme oss opp nokre nivå, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke

VAR IKKJE BETRE: Trenar Eirik Bakke må berre konstatere at Sogndal ikkje var betre i dag enn at dei spelte 1 - 1 mot Åsane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er bra at midtbana melder seg på som målskorarar, seier trenar Bakke etter Petter Strand skåra målet som sikra Sogndal poeng i kampen mot Åsane på bortebane. Kampen enda 1 – 1.

– Vi er ikkje fornøgde så lenge vi ikkje vinn kampen. Dette er ein typisk kamp der Åsane var best i første omgang og vi var best i andre. Vi hadde mange dødballar og situasjonar, så vi kunne ha utnytta betre, seier Bakke.

No står Sogndal med 53 poeng på tabelltoppen. Brann sigra over Kristiansund og ligg dermed på andreplass på tabellen med 49 poeng. Kristiansund har 46 poeng på tredjeplass.

– Det er fire kampar att og 12 poeng å spele om, det er det som er, seier Bakke.

Hønefoss blir neste motstandar

Neste kamp blir spelt mot Hønefoss etter endringar i kampoppsettet på grunn av landslagsoppdrag.

– Det blir ein ny tøff kamp. Det er to veker til og då skal vi kvile godt for vi har vore tunge i det siste. Så vi må bli klare att til kamp og komme oss nokre hakk opp i nivå, seier Bakke.

Han vil ikkje spekulere i at eit opprykk kan vere ein realitet, dersom Sogndal vinn og dei andre laga i opprykkskampen taper.

– Vi må ta ein kamp av gangen, eg orkar ikkje tenke lenger fram enn det.

Vil ha med seg Brann

Sportssjef i Sogndal, Håvard Flo, meiner det er flott for Vestlandsfotballen at Brann også ser ut til å vere på stø kurs opp i eliteserien.

– Det er viktig og kjekt for fotballen her å få med seg Brann opp. Det er sunt å ha dei å knivast mot, seier Flo.

Trenar Eirik Bakke er kanskje ikkje like entusiastisk over gleda i Brann over sigeren mot Kristiansund i dag.

– Eg har ikkje fokus på dei. Vi må gjere jobben sjølv.