Hopp til innhold

Sogndal er klare for eliteserien

Sogndal vann 5–2 borte mot Hønefoss i ettermiddag. Kristiansund tapte 2–0 i sin bortekamp mot Åsane, og dermed blir det eliteseriespel på Fosshaugane neste år.

Sogndal supporterar

VILL JUBEL: Etter kvart som måla rant inn i andreomgang, gjekk det opp for dei tilreisande frå Sogndal at eliteseriespel neste år er sikra. Då gjekk stemninga i taket.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For no er det ti poeng mellom laga og berre ni poeng att å spele om. Uansett kva som skjer dei siste tre kampane, kan Kristiansund ikkje ta att Sogndal.

NRK kjem tilbake med reaksjonar og meir om kampen seinare.

I første omgang var det to lag tydeleg prega av nervar på AKA Arena. Babacar Sarr stanga inn 1–0 på corner etter 18 minutt. Men berre minuttet etter utlikna Fitim Kastrati for heimelaget.

Då Mahatma Otoo var frampå og gav Sogndal 2–1 like før pause, gjekk stemninga heilt i taket blant dei tilreisande bortesupporterane. For på om lag same tid auka Åsane til 2–0 og eliteseriespel neste år var endå eit steg nærmare.

Etter berre ti minutt av andre omgang scora Hønefoss sjølvmål. Mot slutten av kampen scora Sogndal to raske med Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo. Eit trøystemål for Hønefoss hadde ingen betydning, og Sogndal vann 5–2. No er det eliteserien neste.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Hønefoss - Sogndal

JUBLAR SAMAN: Sogndal-spelarane jublar saman med bortefansen etter eit av måla i andreomgang.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Babacar Sarr

1-0: Babacar Sarr heada inn 1–0 scoringa etter corner.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Mahatma Otoo

TO MÅL: Mahatma Otoo scora to mål og bidrog sterkt til at opprykket er sikra.

Foto: Oddleif Løset / NRK