Hopp til innhold

Vil hente Orry: – Trur han vurderer oss

Peter Orry Larsen står utan kontrakt, og kan gå dit han vil. Sogndal er ein av klubbane som er interessert i å sikre seg midtbanespelaren.

Peter Orry Larsen

UTAN KONTRAKT: Sogndal ønskjer å hente Peter Orry Larsen til klubben.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Sogndal Fotball har allereie signert angrepsspelaren Bendik Bye dette overgangsvindauget, og no kan Peter Orry Larsen vere den neste på veg inn dørene på Fosshaugane.

I alle fall viss Sogndal får det som dei vil.

– Vi har snakka med han, så får vi sjå korleis det går. Det er nok ein veg å gå enda, men han er sjølvsagt eit godt alternativ, fortel sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Orry Larsen står utan klubb etter at Aalesunds Fotballklubb valde å ikkje forlenge avtalen med han. Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med nordfjordingen.

– Trur han vil vurdere oss

Håvard Flo

INTERESSERT: Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, bekreftar at dei har vore i kontakt med Peter Orry Larsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For det kan verke som Orry Larsen veg alternativa sine før han tar ei endeleg avgjerd. Ifølge Færdelandsvennen har førstedivisjonsklubben Start tilbydd midtbanespelaren ei kontrakt, men han skal ikkje ha svart dei endå.

Sogndal mista ein profilert midtbanespelar då Rune Bolseth la opp etter årets sesong, og Orry Larsen kan vere ein erstattar i den posisjonen.

27-åringen har spelt i AaFK sidan 2007, og er den med flest kampar i eliteserien av klubben sine spelarar gjennom tidene.

Flo trur ein overgang til Sogndal er noko Orry Larsen vil vurdere.

– Han er nok nysgjerrig på oss. Tida er kanskje inne for Orry for å sjå på noko anna også. Eg trur han vil vurdere oss veldig seriøst, seier Flo.

Kunne dratt til Manchester

Orry Larsen spelte for Skavøypoll i Vågsøy i starten av karrieren og vart sett på som eit av dei største talenta i fylket den gongen. Allereie då var han ein Sogndal vurderte.

– Peter Orry Larsen har vi jo litt kjennskap til frå før. Han er frå fylket og den gongen han var ung og skulle ta steget, var han også i lupa vår, fortel Flo.

Orry Larsen valde til slutt å dra til Ålesund, men også sjølvaste Manchester United skal ha vist interesse då han var i tenåra. No har spelaren blitt voksen, og kan vende tilbake til heimfylket.

– Han er ein god spelar, ein veldig god allrounder, ein klok spelar med mange år i eliteserien. Han har god erfaring, men er heller ikkje for voksen, smiler Flo.