Hopp til innhold

Sogndal er i dårlegast form av dei tre topplaga

Av dei tre laga som kjempar om direkte opprykk til eliteserien er Sogndal i dårlegast poengform. Her kan du følgje den viktige kampen for tre poeng mot Strømmen.

Eirik Bakke

KJEMPAR OM OPPRYKK: Eirik Bakke er spent før kveldens oppgjer mot Strømmen. Både Brann og Sogndal spelar i kveld om viktige poeng. Brann er i best form av dei to, men eitt lag knuser dei begge på formtabellen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Tre lag leier an i kampen om dei to plassane som gir direkte opprykk til eliteserien: Sogndal, Kristiansund og Brann.

Kristiansund er det store formlaget i divisjonen med tretten av femten poeng på dei fem siste kampane. Brann er nummer to på formtabellen med ni poeng, medan Sogndal er på sjetteplass med ni poeng.

Difor bør Sogndal helst ta tre poeng i kveld for å unngå at dei andre topplaga verkeleg byrjar å puste dei i nakken. Det bør gå, for motstandarlaget Strømmen er i enno svakare form enn Sogndal og står med berre fire poeng på dei siste fem kampane.

Lagoppstilling Sogndal (4-4-2):

Mathias Dyngeland - Eirik Skaasheim, Christophe Psyché, Hannu Patronen, Taijo Teniste - Petter Strand, Rune Bolli Bolseth, Babacar Sarr, Thomas Drage - Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth

Benken: Stefan Hagerup, Bjørn Inge Utvik, Peter Aase, Ruben Holsæter, Edin Øy, Simen Brekkhus, Lars Christian Kjemhus

Her kan du følgje heimemøtet mot Strømmen spark for spark:

Laster innhold, vennligst vent..

SLUTT: Sogndal vann 3-2.

94. Kjemhus er frekk og driblar seg fri på kanten. Innlegget blir takla til corner, men Sogndal greier å rote den vekk i eit forsøk på å hale ut tida.

92. minutt. Dommaren har lagt til fem minutt.

88. minutt. Mål til Sogndal! Sarr med skikkeleg krigartakling til Teniste, han driblar seg forbi på kanten og innlegget treff Holsæter på bakerste stolpe. Han headar i bakken og i mål.

86. minutt. Ruben Holsæter bryt ei kontring og driv flott forbi på kanten. Innlegget treff Opseth, som treff rett i blokka for andre gong i kampen.

85. minutt. Det har gått ein halvtime sidan Sogndal sist hadde noko som likna på ein halvsjanse. Lite som tyder på tre poeng her no. Ei lita trøst får det vere at Brann òg førebels berre har uavgjort mot Bryne.

80. minutt. Farleg heading bakover av Psyche. Dyngeland kjem akkurat tidsnok til å klarere.

78. minutt. Strømmen får corner og publikum på Fosshaugane held pusten. Bolseth klarerer til ny corner. Den går over alle og til utspark.

73. minutt. Strømmen utliknar til 2-2 ved Mathias Blårud etter corner. Sogndal får ikkje klarert og Blårud får ein enkel jobb med å sette ballen i mål. Like før hadde Schulze eit farleg skot som Dyngeland så vidt fekk fista over. Sogndal lever farleg her no.

71. minutt. Småfarleg heading for Strømmen etter corner, men ballen går ein meter over mål.

70. minutt. Lite som skjer utpå her no. Begge laga er like gode, eller like dårlege, alt etter som.

63. minutt. Strand får ballen på halvspretten utanfor boksen. Skotet blir eit skikkeleg sleivspark som går ut til kast.

60. minutt. Strømmen har tatt over etter utlikninga. Får spele ball som dei vil.

56. minutt. Strømmen reduserer til 2-1 ved Martin Ramsland. Eit innlegg går i tverren og ballen hamnar rett i beina til Ramsland som har ein enkel jobb med å sette den i mål.

55. minutt. Otoo tek eit innlegg frå Teniste på hælen, men avslutninga går rett på keeper.

53. minutt. Ny stor sjanse for Sogndal! Opseth får skyte upressa, men forsøket på å plassere ballen går rett i klypene på keeper.

52. minutt. Mål til Sogndal. Skaasheim blir spelt gjennom på kanten. Gjer nokre frekke vendingar i feltet, men innlegget blir blokkert til hjørnespark. Det andre forsøket ser Bolseth ut til å sette i mål frå 1 meter. Det blir hans første skåring sidan 24. august 2013, vel å merke viss det ikkje var sjølvmål. Ikkje godt å sjå her frå tribuneplass.

45. minutt. Andre omgang er i gong.

1. omgang

45. minutt. PAUSE. Einvegskøyring frå halvtimen og utover og Sogndal går til pause med fortent 1-0. Men spelet sit ikkje i anna enn små glimt og heimelaget bør vise betre takter dei neste 45. Brann går til pause med 1-1 på heimebane mot Bryne.

41. minutt. Strand skyt i blokka innanfor sekstenmeteren. Returen får Bolseth, men lobben går centimeter over tverren.

36. minutt. Mål av Hannu Patronen! Opseth slår inn frå høgre og Patronen er der med pannebrasken på første stolpe. Headar enkelt i mål til 1-0.

32. minutt. Sogndal har teke over meir av spelet no. Pressar ofte høgare og tvinger Strømmen til å gjere feil. Likevel ikkje anna enn halvsjansar til nokon av laga.

27. minutt. Strand og Bolseth kombinerer fint, Bolseth får god tid i sekstenmeteren, men innlegget treff ingen.

22. minutt. Patronen med ei viktig takling inne i feltet. Hjørnesparket blir det ingenting av.

18. minutt. Det er Strømmen som spelar ball utpå her no. Sogndal pressar lavt og let Stømmen komme til eit nytt farleg innlegg. Headinga blir for dårleg.

16. minutt. Strømmen med farleg frispark, men headinga smyg seg over tverrliggaren.

15. minutt. Opseth med fine detaljar på midten, men går seg til slutt fast. Litt tamt utpå her no.

10. minutt. Strand, Otoo og Skaasheim kombinerar fint, men Strømmen får klarert til corner. Den headar Sarr utanfor.

6. minutt. Sarr med håplaus pasning i eige forsvar som Strømmen ikkje greier å utnytte.

5. minutt. Frispark i farleg posisjon for Sogndal. Opseth legg inn, men ballen blir heada ut til corner. Den blir berre halvfarleg.

2. minutt. Otoo kan komme åleine igjennom, men blir hårfint avblåst for offside.

1. minutt. Sogndal tek avspark og kampen er i gang!

Laster innhold, vennligst vent..