Hopp til innhold

Sogndal let dei unge spele

Sogndal ligg framleis på tredjesiste plass på tabellen, men når det gjeld å gi dei unge speletid, er Sogndal heilt oppe i toppen.

Gustav Valsvik og Ørjan Hopen

TO AV DEI UNGE: F.v. Gustav Valsvik (18) og Ørjan Hopen (19).

Foto: Rune Fossum / NRK

Saman med Strømsgodset, toppar Sogndal oversikta som Norsk Toppfotball (NTF) har laga over speletid for norske U23-spelarar og U19-spelarar. Sogndal sine unge spelarar får om lag ni gonger meir speletid enn Brann.

Det forundrar slett ikkje sportssjef i Sogndal Fotball, Trond Fylling.

– Det er filosofien vår. Vi ønskjer å vere ein utviklingsklubb og vi vil at unge spelarar skal komme til oss, få ei utdanning og gjerne gå vidare. Samtidig som vi skal kjempe i toppen, seier Fylling.

Er eit konkurransefortrinn

Han trur det at Sogndal gir dei unge mykje speletid allereie frå dag ein, er eit konkurransefortrinn for laget frå saftbygda.

– Eg trur det gir oss noko ekstra i forhold til dei andre laga. Det er kanskje ikkje like lett for lag som Brann og Rosenborg å la unge spelarar sleppe til. Det er noko vi er svært medvitne på, seier Fylling.

Han tykkjer det er gledeleg at satsinga til Sogndal synest att på ei slik oversikt, og stadfestar at dette er ein medviten strategi.

Prestasjonane vil svinge

– Vi har vore nokre år i Adeccoligaen, og det som er mest gledeleg er at vi klarar å fullføre og gjere det endå betre i Tippeligaen, seier Fylling.

– Satsar du på mykje ungt, så vil det også svinge i prestasjonar. No gjorde det jo det i byrjinga, men ettersom spelarane utviklar seg, og tek nivået, så blir vi meir stabile, og det er det som er nøkkelen til den måten vi jobbar på, seier Fylling.

Han tykkjer ikkje det er rart at Sogndal toppar denne oversikta.

Må tenkje annleis

– Vi manglar dei økonomiske musklane som konkurrentane våre har, så vi må vere best på ein annan måte. Difor fokuserer vi på å hente unge spelarar og utvikle dei. La dei få sjansen til å utvikle seg, samt ha gode trenarar, seier Fylling.

Han legg til at støtteapparatet er viktig for at dei unge spelarane skal ha best mogleg føresetnader.