Hopp til innhold

Sogndal eliminerte Nybergsund

Det vart ingen stor underhaldning, men Sogndal sikra seg tre nye poeng då Nybergsund Trysil gjesta Fosshaugane Campus.

Jon Midttun Lie, Lars Grorud og Rune Bolseth
Foto: Steinar Lote / NRK

Sogndal vann 1-0 etter at Tarjei Dale sette inn sitt fjerde seriemål på tre strake seriekampar. Laget frå saftbygda tronar framleis øvst på tabellen.

- Viktig for oss å få første målet. Trysil er eit tungt fysisk lag og vi visste at vi ville få ein del utfordringar. Fekk vi det første målet ville vi kontrollere det litt betre. Når vi får det, så gjennomfører vi ein taktisk bra kamp, konstaterer ein godt nøgd trenar Karl Oskar Emberland.

- Litt anna type fotball

Sogndal overkøyrde Tromsdalen sist - og kom gang på gang rundt på kanten og skapte farlege sjansar. Då vart det til slutt 3-0. Mot Nybergsund Trysil stod Jon Midttun Lie over på grunn av skade, medan Per Egil Flo er på oppdrag med U21-landslaget.

- I dag har vi litt anna type lag på bana. (Ayhee Aye) Elvis er meir defensivt orientert spelar og veldig flink i høve luftspel og ta ut kanten. Med Per Egil får vi meir offensivt i tillegg. Litt anna type fotball og i og med at Ulrik spelar venstre, så kjem vi ikkje like mykje rundt på begge kantane som vi ynskjer, seier Emberland.

- Ofrar seg godt

Oppgjeret mot laget frå Nybergsund, vart aldri like underhaldande. Med unntak av målet til Dale. Stadheim førte opp langs venstresida og sende ballen vidare til Ulrik Flo, som flikka ballen til den tidlegare Odd Grenland-spissen. Med hælen sende Dale ballen i lengste hjørnet for keeper Zoran Mijanovic.

- Eg tykkjer spelarane ofrar seg godt, og vi tek dei veldig viktige fasane mot Nybergsund Trysil. Mellom anna dødball og andreballen, seier Emberland.

Beste forsvar

Etter målet til Dale, stod forsvaret, anført av ein god Lars Grorud, i mot det Nybergsund hadde å by på. I sluttminutta kunne Dag Frode Hornseth utlikna for gjestene. Men det blei med forsøket. Sogndal har på dei ti første seriekampane berre sleppt inn sju mål. Noko Emberland er godt nøgd med.

- Vi burde vore tøffare i overgangsspelet for å få både to og tre. I dag klarte vi ikkje det, men er nøgde med halde nullen, seier Emberland.

Slik var kampen - spark for spark