Hopp til innhold

Sogndal dumpar prisane for å fylle tribunane før lagnadskampen mot Stabæk

Sogndal Fotball for at fulle tribuner skal halde liv i eliteseriespel i 2015. Dei lokkar med superbillige billettar før helgas viktige serieavslutning mot Stabæk.

Fosshaugane Campus

FULLSETT: Sogndal Fotball mobiliserer for å fylle tribunane til Stabæk kjem til bygda søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eliteserielaget har aldri mobilisert så kraftig som framfor årets viktigaste fotballkamp.

Etter tapet for Brann er kun siger godt nok mot Stabæk. Sogndal håpar støtta frå eit fullsett Fosshaugane kan vere med på å halde liv i eliteseriehåpet for 2015.

– Det kan vi gjere noko med no. På måndag er det for seint, seier arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball.

Dumpar prisane

Geir Inge Heggestad

MOBILISERER: Arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad seier Sogndal Fotball mobiliserer meir enn nokosinne før kampen mot Stabæk.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Difor dumpar klubben billettprisane på Fylkestribuna og Lines-tribunen. Dei inviterer alle 1. til 10.-klassingar, og studentmiljøet i Sogndal, til gratis kamp. I tillegg halverer dei prisen for sponsorar, slik at desse kan sende alle tilsette på kamp.

At det går mot ein viktig seriekamp vil også merkast på sosiale medium.

– Vi har hatt enkelte element gjennom sesongen også tidlegare. Men viktigskapen av kampen gjer at vi tek med oss dei element som har vore suksess og puttar på to-tre nye, seier Heggestad.

Stryn mobiliserer

Også ute i fylket er klubbar i ferd med å mobilisere for å støtte opp om det nedrykkstrua flaggskipet i herrefotballen. Stryn var tidleg ute med å sette opp buss.

– Det er fantastisk, og eg håpar fleire idrettslag og klubbar organiserer seg på same måte som i Stryn. Då skal vi klare å fylle stadion, seier Heggestad.

– Eg håpar heile fylket vil vere med å medverke, først og fremst til at vi vinn kampen. Så vil vi trenge litt hjelp i Haugesund, legg han til.

Må vinne

For utgangspunktet er såre enkelt. Med uavgjort eller tap for Stabæk, må Sogndal følgje årdølen Henrik Furebotn og Sandnes Ulf ned i 1. divisjon. Med Haugesund-siger mot Brann, og heimesiger på Fosshaugane, ventar kvalifiseringsspel på Sogndal.

Sjølv med fem dagar att til kampen, merkar Heggestad at det er stor interesse rundt kampen.

– Vi merkar at kampen betyr mykje, og det speglar av seg også på trafikken inn til oss i går og i dag. Det starta med det same eg kom på jobb måndag, seier han.

Passerer 50.000 tilskodarar

Sogndal har så langt i år samla 45.701 tilskodarar på heimekampane sine. Skal dei passere 50.000 må det nær fulle tribunar til. Kapasiteten er vel 5.500 tilskodarar.

– Eg er mest oppteken av at vi skal nå snitte på 3.388 frå i fjor, og då må vi over 5.000 på søndag. Det har vi plass til, og det trur eg vi skal klare med desse tiltaka, seier Heggestad og avsluttar:

– Når vi kjem fram mot helga vil folk skjønne viktigskapen. Den er viktig for Sogndal Fotball, for Campus-miljøet og Sogndal, men det er også viktig for heile fylket at vi etter søndag kan ha ein moglegheit til å oppleve Tippeligaen i 2015.

Laster innhold, vennligst vent..