Hopp til innhold

Sogndal delte poeng med Follo

Sogndal og Follo delte onsdag kveld poenga då dei møttes i 1. divisjon. Kampen enda 1-1.

Even Hovland

Even Hovland skåra Sogndal sin einaste mål i kampen mot Follo onsdag kveld.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Vi kom hit for å vinne, men når ting vart som det vart er eitt poeng heilt greitt, seier trenar Harald Aabrekk til NRK etter kampen.

Spådde tøff kamp

Då topplaget Sogndal onsdag kveld møtte botnlaget Follo borte hadde sportssjefen i sogneklubben på førehand spådd ein vanskeleg kamp.

– Follo er det laget som har scora mest på oss i år. Det høyrest kanskje ut som ein klisjé, men vi har hatt problem mot dette laget. Får Follo spel og rom, er dei veldig gode. Dei køyrer sitt løp uansett, analyserte Trond Fylling før kampstart.

Follo i tet tidleg i 2. omgang

Og undervegs i kampen var det ikkje like lett å sjå at det var ein opprykkskandidat som møtte botnlaget frå Ski. Til pause var Follo det laget som skapte klart mest, sjølv om omgangen må seiast å vere jamnspelt.

Men raskt ut i 2. omgang er det Follo som tar teten etter at Mads E. Grytnes Clausen bankar til frå 20 meter.

Sogndal utlikna 15 minutt før full tid

Etter dette slit Sogndal med å spele seg til sjansar. Men etter ein corner i det 75 minutt klarar Even Hovland å stusse ballen i lengste hjørnet, og stillinga viser 1-1.

Follo noterer seg med endå ein målsjanse før full tid, men kampen enda uavgjort 1-1.

For Sogndaltrenar Harald Aabrekk vart det ein vanskeleg kamp.

- Vi kom eigentleg ikkje skikkeleg i gang før etter skåringa til Follo. Då la vi om til 4-3-3 og det fungerte betre, seier Aabrekk.

Sjølv om Follo ligg heilt nederst på tabellen i 1. divisjon, har dei vist at dei kan slå gode lag. Askeladdane frå Ski detonerte i slutten av september det som mange meiner er tidenes cupbombe, då dei slo Rosenborg.

- Eg skønnar ingenting når eg les tabellen for 1. divisjon. For Follo er eit godt lag med mange gode spelarar, vedgår Aabrekk.

Før kampen sa sportssjef i Sogndal Trond Fylling, at han ville nøye seg med uavgjort.