Hopp til innhold

Sogndal byter lokalt mot finsk?

Medan dei lokale forsvarsstjernene satsar friskt på å spele Champions League-fotball i Molde, blir det kanskje dobbelt finsk i Sogndal sitt midtforsvar.

I kveldens mållause kamp mot Molde stilte nemleg Sogndal med finnen Jani Lyysky (28) saman med nysignerte Hannu Patronen på midtstopparplass .

I tillegg spelte estiske Taijo Teniste på venstreback, medan høgreback Per Egil Flo var einaste lokale innslag i forsvarsrekkja.

Lyysky er på prøvespel frå svenske Djurgården, og har ikkje spelt fotball på ei stund. Trenar Jonas Olsson var likevel godt nøgd med spelaren han vurderer å hente.

Jani Lyysky

NY FINNE: Prøvespelar Jani Lyysky spelte heile kampen for Sogndal mot Molde. Skulle Jonas Olsson bestemme seg for å hente Djurgården-stopparen, har Sogndal plutseleg to finnar i midtforsvaret.

Foto: Øystein Fossum

– Eg er nøgd med midstopparane mine. Jani var okay i dag, spesielt med tanke på at det er lenge sidan han har spelt kamp, fortel svensken til NRK.no etter kampen.

Hovland frå start

Det kan sjåast på som eit paradoks at Sogndal styrkar laget med finnar, og ein estisk forsvarar, når laget sine tidlegare lokale stjerner, Even Hovland og Børre Steenslid, får si løn frå Molde Fotballklubb.

Medan Hovland spelte heile kampen i midtforsvaret for dei regjerande seriemeistrane, sit Steenslid heime med korsbandsskaden fekk for over eitt år sidan. Det er framleis uvisst når den tidlegare Skavøypolll-spelaren er tilbake.

– Eg har trua på Børre, men vi må gje han den tida han treng for å komme tilbake, seier Hovland.

Glad for konkurranse

Han er nøgd med endeleg å ha kome til ein større klubb. I vinter signerte Hovland treårskontrakt med Molde.

– Det er tøffare konkurranse om plassane i Molde, og det er viktig for at eg skal utvikle meg. Med konkurranse må vi verkeleg gjere oss fortent til å spele, og det er slik eg likar det, seier vaimen til NRK.no.

Har gått same veg

Tore Andre Flo og Ole Gunnar Solskjær

RINGREVAR: Både Tore Andre Flo og Ole Gunnar Solskjær har lang fartstid frå engelsk toppfotball. Fredag stod ei på kvar si side med kvart sitt eliteserielag på Årølia kunstgress.

Foto: Øystein Fossum

Hovland og Steenslid har nær identisk utvikling før dei enda opp i Molde. Begge gjekk frå mindre 3. divisjonsklubbar og rett inn på laget i midtforsvaret til Sogndal, før dei tok steget til ein endå større klubb.

No er begge i rosenes by, og er dei heldige kan dei ende opp med å spele Champions League i år.

– Vi har begge hatt ei god utvikling i Sogndal, og teke nye steg for å bli endå betre. Det hadde sjølvsagt vore kjekt å spele saman i midtforsvaret til Molde, seier den tidlegare Sogndal-kapteinen.

Trur på Sogndal

Sogndal viste seg som eit positivt og engasjerande lag i kveldens kamp mot Molde. Hovland har tru på at laget vil gjere det bar i årets sesong.

– Eg følgjer med dei og ser at dei har gjort det bra i treningskampane så langt. Sogndal har mista nokre spelarar, men har også fått inn mykje bra. Det er eit nytt regime og spennande å sjå på. Eg veit ikkje om dei vil sakne meg på bana, avsluttar vaimen før han spring i dusjen for å rekkje bussen til Sogndal.

Saman med gamle lagkameratar.

Sogndal sine treningskampar: