NRK Meny
Normal

Sogndal beste juniorlag

Heller ikkje Haugesund makta å hamle opp med Sogndal under elitejuniorturneringa i Sognahallen.

Sogndal vann turneringa etter 3-2 siger mot Haugesund. Kampen vart jamnspelt.

Mads Wie, Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen sette inn måla for vertslaget. Sogndal brende også eit straffespark. Pauseresultatet var 2-1 til Haugesund.

Fredag fekk Sogndal ein heldig siger over Molde , medan Notodden vart fleire nummer for små på laurdagen.

Dermed vann Sogndal si eiga juniorturnering med full pott på tre kampar. Haugesund kapra andreplassen med fire poeng. Rogalendingane hadde like mange poeng, men betre målskilnad enn Molde. Notodden hamna heilt sist utan poeng.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå