NRK Meny
Normal

Sogndal berga uavgjort

Sogndal spelte fredag kveld 2-2 mot divisjonskollega Lyn i ein treningskamp i Telenor Arena.

Lars Grorud (til venstre) og TPS Turkus Mahdaui

Lars Grorud var sist på ballen på ein corner då han sette inn 1-0 for Sogndal mot Lyn.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Midtstoppar Lars Grorud scora det første målet etter kring 20 minuttar, men Lyn utlikna leiinga på straffespark ved Gøran van den Burgt seks minutt før pause.

Etter kvilen tok det 27 minutt før same van den Burgt la på til 2-1 for laget som i fjor rykka ned frå Eliteserien. Også det på straffespark. Ni minutt før slutt sette Ayhee Aye Elvis inn 2-2 for Sogndal.

Treningskampen var Sogndal sin siste før avreise til treningsopphaldet på La Manga.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast