NRK Meny
Normal

Sogndal berga poeng

Sogndal nektar å tape. Gjestane frå fruktbygda berga poeng mot heimesterke Sarpsborg 08.

Valtter Laaksonen blir gratulert med scoring

Arkivfoto: Valtter Laaksonen blir gratulert

Sogndal låg under med to mål etter første omgang, men med mål av Valtter Laaksonen og Henrik Furebotn berga serieleiaren eitt poeng i Sarpsborg

Les kampreferat:

- Vi gir ikkje opp

Evna til å stå kampen heilt ut er grunnen til at Sogndal tek sommarferie som serieleiar i 1. divisjon fotball. Det meinar Henrik Furebotn som berga eitt poeng for sogndølene då han sette inn utlikningsmålet mot Sarpsborg, sju minutt før slutt i går.

- Vi er veldig godt trente og gir ikkje opp før dommaren bles av kampen for siste gong.

God form

Etter 2-2 i bortekampen mot Sarspborg 08 i går er status at Sogndal tek ein kort sommarferie med ni sigra,r fem uavgjort kampar og eitt tap i vårsesongen. I fleire av kampane har sogndølene berga poeng takka vere god fysisk form.

Heimelaget og gjestane frå Sogndal hadde kvar sin omgang i går der Sarpsborg gjekk til kvilen med 2-0 leiing. I andre omgang viste sogndølene nok ein gang at dei står kampen betre enn motstandarane, seier assistenttrenar Ole Hjelmhaug.

- Dei hadde eit par farlege sjansar i andre omgang, og spelet bølgja framog tilbake. Men eg meiner at vi fortener eit poeng etter denne kampen.

Avstanden krympa

Medan Sogndal og Sarpsborg delte poenga på Sarpsborg stadion nytta formsterke Hønefoss sjansen til å ta steget opp i ryggen på sogndølene med kalassiger 6-0 over Moss. Dermed krympa avstanden til tabelltoaren ned til tre poeng, og litt mindre feriero for serieleiaren.

- No har vi ikkje tapt på mange kampar. Vi låg under med to mål og klarte å spele uavgjort. Det viser at vi har eig "guts" i laget og at vi nektar å tape.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.