Hopp til innhold

Sogndal avhengige av andre for berga plassen

SOGNDAL (NRK): Sogndal er på direkte nedrykksplass to rundar før slutt. Dei 3675 tilskodarane på Fosshaugane fekk sjå eit heimelag som stod att på perrongen, då trygg-plass-toget gjekk med Tromsø som lokførar.

Eirik Bakke

FRÅ VONDT TIL VERRE: Eirik Bakke var skuffa etter tapet mot Tromsø. Det vart nok ikkje betre då Aalesund to timar seinare klatra forbi Sogndal på tabellen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal hadde moglegheita til å ta eit langt steg mot fornya eliteseriekontrakt. I staden sløste dei vekk dei sjansane dei fekk, samstundes som Tromsø var dødeleg effektive på sine.

Som om ikkje kvelden var dårleg nok for sogningane, så vann Aalesund over Rosenborg. Dermed er Sogndal på direkte nedrykk med to rundar att, eitt poeng bak sunnmøringane på kvalifiseringsplassen.

– Det er ikkje vits å syns synd i oss sjølve. Det er to kampar att, og det handlar om å få noko ut av dei slik at me får kvalik. Det er vel det beste me kan håpa på, om me ikkje scorar ti mål og dei andre taper, seier sogndaltrenar Eirik Bakke.

Med seks poeng opp til Tromsø, Lillestrøm og Kristiansund, er håpet om trygg plass i praksis ute for sogningane. Dei er avhengige av å ta fleire poeng enn Aalesund i dei siste to kampane for å berga plassen i den øvste divisjonen.

Reiss Greenidge

BOMMA: Reiss Greenidge bomma på ein av dei store sjansane til heimelaget.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Tørr Ramsland

Det stod ikkje på sjansane heimelaget fekk. Bendik Bye bomma på alle sjansars mor etter 31 minutt, då han skaut i tverrliggaren frå éin meter. På returen varta tromsøkeeper Kongshavn opp med eit tigersprang, då han hindra Martin Ramsland i å enda måltørken sin.

– Eg såg den inn. Eg skulle heada opp i hjørnet, men plutseleg var keeperen si hand der, seier Ramsland, som ikkje har scora sidan 9. juli.

Martin Ramsland

VIL IKKJE INN: Ballen vil ikkje i mål for Martin Ramsland denne hausten. Han har scora seks mål denne sesongen, alle kom før midten av juli.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Eg tykkjer eg har spelt eit par OK kampar i haust, men i det siste har det vore «rævva». Saman med laget har det vore ein tung haustsesong. Hadde me vunne alle desse kampane, så hadde eg ikkje brydd meg. Men nokon må scora mål for at me skal ta poeng, og det er min jobb, seier Ramsland.

Kan rykka ned neste runde

Seinare i kampen var både Kjetil Wæhler og Reiss Greenidge få centimeter frå å scora med hovudet, men marginane var ikkje på heimelaget si side søndag kveld.

– Som trenar må du ta ansvar når det går dårleg, og få hyllest når det går bra. Eg skal ta det, det skal eg tola, seier Bakke.

Han hylla publikum etter kampen, og var nøgd med både oppmøte og støtte undervegs i kampen, sjølv om det ikkje gjekk vegen for heimelaget.

Det kan sjå ut som om det blir NM i neglebiting for sogndalsupporterane dei siste to serierundane. Om Sogndal taper mot Stabæk i neste runde og Aalesund vinn mot Sarpsborg 08, rykker Sogndal ned før siste serierunde.

Laster innhold, vennligst vent..